Hat Trick av Ingve!

Det vart litt av ein kamp i lokaloppgjeret mot Hjelmeland på måndag.

Før kampen var det knytt stor spenning til om me kunne berga plassen i 6. divisjon i denne kampen. Hjelmeland har fått tak i nokre solide forsterkingar i haust, og har fått nokre strålande resultat. Det har resultert i at dei gjekk forbi oss på tabellen før me slo tilbake mot Forus og Gausel 2 i helga. Dei andre to konkurrentane på nedre halvdel, Siddis 2 og Tasta 2 har også mobilisert for å unngå nedrykk, så poeng i denne kampen var ganske viktig.

Lagleiar Arne Vatland melder følgande:
Vi går opp til 1-0 etter 1 min etter ein keepertabbe som Ørjan snappar opp og han levere den til Ingve som set den i mål. Men etter dette så tar Hjelmeland totalt over, dei puttar 4 mål på 30 min, trur eg det var. Men etter at Svein Egil kjem i mål (må ta seg eit kurs i å lesa ferjerutar!) så får forsvaret tryggheit og vi tar over kampen. Bjørn skårar like før pause. Håvard (som heller ikkje har respekt for ferjetider) kjem inn etter pausen. Vi tar fullstendig over kampen og spelar meget god fotball. Ingve legg på til 4-3 før vi får straffe etter ein hands. Denne set Jone trygt i mål. Så har Ingve eit mål til, og vi er i føringa.

Dei siste 10 min tar Hjelmeland over og pressar oss skikkeleg. Dei får 1 mål til og det blir 5-5. Men heldigvis så klarer vi å stå i mot resten av omgangen. Jone hadde ein fantastisk arbeidsinnsats! Ingve hadde 3 mål, Bjørn 1 mål, Jone 1 mål og 2 assist .
Eg trur det var sånn det var?. Er så engasjert at eg ikkje hugsar så mye etterpå ???

Ørjan runda 100 kampar for Suldal IL. Gratulerer!

I sist kamp var det Jone som runda 100 kampar for Suldal IL. I denne kampen fulgte Ørjan etter som jubilant. Gratulerer!

Og med dette resultatet var det berre å benka seg framfor sosiale media og venta på rapport frå kampen Vaulen 2 – Siddis 2. Dersom Siddis 2 gav frå seg poeng her, ville plassen vår vera sikra. Siddis leia 1-0, men Vaulen gjekk opp til 2-1. Siddis gav seg ikkje og utlikna, men heilt mot slutten fekk Vaulen straffe og avgjorde til 3-2 siger. Med det var me sikre på at me ikkje kunne komma på sisteplass som gav nedrykk. Sjå eiga sak.

Dagen etter, tysdag, tapte Tasta 2 mot Forus og Gausel 2, og dermed kan heller ikkje dei gå forbi oss. Før siste runde ligg me på 5. plass. Hjelmeland kan gå forbi oss om me taper mot Hundvåg 2 og dei vinn mot eit Tastalag som nok kjem til å kjempa med nebb og klør for å unngå nedrykk.

Storhaug er sikra opprykk, og så godt som 1. plassen. Forus og Gausel 2 og Vaulen 2 kjempar om 2. plassen og den siste opprykksplassen. Tabellen ser de på fotball.no

Siste kamp er i Prestavikjo på laurdag 30/9 kl 15.00 mot Hundvåg 2.

Fakta:

Mål:

0-1: Ingve Berge, målgjevande Ørjan Underbakke

4 mål av Hjelmeland

4-2: Bjørn M. Steine, målgjevande Jone Utbjoa

4-3: Ingve Berge, målgjevande Jone Utbjoa

4-4: Jone Utbjoa (straffe)

4-5: Ingve Berge, målgjevande frå motspelar

5-5: Hjelmeland

Lag: 

Dawud Ibrahim – Sven Kolstø, Bjørn M. Steine, Erik Vaage – Isak Berge Espe – Magnus Søraas, Jone Utbjoa, Glenn Søraas, Espen Josdal – Ørjan Underbakke, Ingve Berge

Innbyttarar: Svein Egil Holmestad, Håvard Fatnes