Jone Utbjoa og Ørjan Underbakke fekk blomar og gåvekort for 100 spelte kampar. Halv time til avspark!

Så var det klart for årets siste a-lagskamp. Det var to lag som ikkje hadde noko særleg å spela for.

Hundvåg 2 sin 4. plass var klar før kampen, mens Suldal hadde æra å spela for med tanke på å komma før Hjelmeland på tabellen. For å ta tabellen først: Me greidde ikkje vår del av jobben, og Hjelmeland gjekk forbi oss med ein sterk bortesiger 2-4 mot eit Tasta 2 som kjempa med nebb og klør for å berga plassen. Rykta seier at Tasta 2 stilte eit svært bra lag. Dermed er det Tasta 2 som endar sist på tabellen og må i utgangspunktet ta turen ned i 7. divisjon. Over halvparten av poenga dei fekk var typisk nok mot oss… Storhaug overbeviste i dag og trygga 1. plassen med 10-0 over Siddis 2. Med seg opp i 5. divisjon får dei Forus og Gausel 2, dersom 1’er-laget deira greier å rykka opp frå 5. til 4. divisjon. Der er det svært jamnt i toppen. Nok om andre, over til oss!

Me måtte rota litt i arkivene for å stabla saman nok spelarar til denne kampen, halve laget frå Hjelmelandskampen på måndag var av ulike årsakar utilgjengelege. Heldigvis har me mange som er sporty og stiller opp når det trengst, sjølv utan særleg treningsgrunnlag. Det viser seg at erfaring, taktikk og litt kilo med musklar greier seg fint så. Kånene på sidelinja er derimot mest bekymra for skader på småbarnsfedrene! På sidelinja stod lagleiar Arne Vatland og dirigerte nytt og gamalt inn og ut av grasmatta som om han var ein dirigent i eit orkester.

Kampen skulle visa seg å bli jamn. Spelet bølga begge vegar, nokon periodar førte heimelaget, mens andre var det bortelaget som var hakket vassare. Me trudde me gjekk i leiinga halvvegs i første omgang då Dawud Ibrahim steig til vers inne i feltet og heada ned til Øyvind Gjuvsland, som sette ballen i mål. Dessverre bles dommaren for offside.

I andre omgang var det tydeleg at begge laga ville vinna, tre poeng er tre poeng om det ikkje får så stor betydning på tabellen. Det vart noko roping og kjefting både på motspelarar og dommar, både frå spelarar og frå sidelinja. Noko gjekk på spelarane, mens dommaren og fekk nokre reaksjonar på avgjersler som gjekk mot begge lag.

Omlag 20 minutt ut i andre omgang kom det første målet, og det kom til bortelaget då me rota det til i forsvar, bomma på ballen og lot Hundvåg 2 ta leiinga på eit for enkelt vis. Heldigvis svarte me ikkje lenge etterpå. Ein av veteranane som hadde blese av støv på fotballskoa, Geir Bjarte Hoftun, slo eit langt frispark opp i feltet til Hundvåg. I andre enden stod ein annan gammal kjenning, Øyvind Gjuvsland. Han vann ein av mange duellar i dag, slik at Jone Utbjoa fekk ballen framfor ope mål. Dermed var laga like langt.

Så kom ein periode underteikna hadde ei kjensle av kunne gi oss det avgjerande målet, men kjensler kan ein ikkje stola på. Utfrå ingenting slo gjestene ein lang ball som keeper Svein Egil Holmestad skulle ut og kontrollera. Det skar seg, ballen for over målvakta vår, og ein Hundvågspelar på løp frå klar offsideposisjon fekk lov å setta ballen i ope nett. Skikkeleg sur skåring, både fordi me sjølv gjorde feil, og fordi spelaren som skåra var i tydeleg offside-posisjon. Meldar stod nemnleg perfekt plassert.

Perfekt plassert stod meldaren og då Hundvåg fekk ei skåring annulert for offside like etterpå. Denne gong hadde angriparen starta på rett side, og skulle ikkje ha vorte avblesen. Det gjekk altså opp-i-opp.

Det vart ei heseblesande jakt på utlikning for Suldal mot slutten, og me trudde me skulle få ein god sjanse heilt mot slutten. Isak Berge Espe kom i god fart inn i feltet og skulle ta med seg ballen. Hundvågstopparen såg ikkje vår mann og skulle berre beina ballen vekk. Hans problem var at Isak var for rask, og dermed feia han ned midtbaneankeret vårt. Soleklar straffe meinte alle, også motstandarane. Då dommaren bles var overraskinga derfor stor over at det vart frispark til forsvararen. Denne var sur, og takk og lov for at det ikkje vart avgjerande for kva divisjon me skal spela i til neste år. Det skal seiast at me og skulle hatt Øyvind Gjuvsland utvist då han var nær ved å ropa på seg gult kort nummer to for dagen, men nåde gjekk for rett.

Eit par av veteranane er alt nemnd; Geir Bjarte og Øyvind. I tillegg styrte Tommy H. Espe forsvaret saman med back-fenomenet Nils Arne Moe. Kampvert Christer Hansen gjorde også come back, men beina spelte ikkje på lag. I motsett ende av alders- og erfaringsskalaen har me Mohammed Ibrahim. Han debuterte i dag og gjorde ein god figur. Han er uredd, kjapp til beins og har eit godt fotballhovud. Han ser me nok meir til framover.

Det var det. Me kan ikkje seia oss nøgde med sesongen. 15 poeng, der seks kom etter walk over. To spelesigrar, tre uavgjort og sju tap er ikkje godt nok. 31-31 i målforskjell. Kampane har vore jamne i resultat, me har ikkje blitt utspelte, og har heller ikkje spelt ut nokon. Med litt meir marginer burde me ha vore to plassar høgare opp. Me har uansett ikkje greidd å vera stabile nok gjennom sesongen eller gjennom heile kampar til at me hadde hatt noko heilt i toppen å gjera, men me har trass alt slått nummer to 3-0 i ein kamp, og spelt uavgjort mot vinnaren av tabellen. På vårt beste er me ganske bra, og så fell me litt gjennom noko ofte. Det vart dermed 6. plass av 8 lag i år. Takk for sesongen!

Fakta: 

Mål: 

65 min: 0-1: Hundvåg 2

70 min: 1-1: Jone Utbjoa, målgjevande Øyvind Gjuvsland

82 min: 1-2: Hundvåg 2

Gult kort:

Øyvind Gjuvsland

Lag:

Svein Egil Holmestad – Nils Arne Moe, Tommy H. Espe, Håvard Fatnes – Isak Berge Espe – Daniel Berge Espe, Jone Utbjoa, Glenn Søraas, Rodas Teklay – Ørjan Underbakke, Øyvind Gjuvsland

Innbyttarar: Dawud Ibrahim, Geir Bjarte Hoftun, Christer Hansen, Mohammed Ibrahim