G14 anno 2017. Trenarar er Reidag Hagen og Torbjørn Indrebø.

Deltaking i kretsserien for G14 var ei ny erfaring for alle spelarane, men og for trenarane.

Me sette oss ikkje eksakte mål for sesongen, men me var realistiske med tanke på kor bra eller dårleg me ville kunna gjera det. Me skulle for første gong spela på heile banen, med 11 spelarar og med offside. Mykje å trena og øva på.

Sesongen starta med 16 gutar på trening. 2 fall av tidleg, men 14 gutar har vore aktive både på trening og kamp heile sesongen.
Me spelte ikkje så verst til å vera nye i dette systemet, og me lærte fort at me måtte vera tøffare og stå på heile kampane. Tredje kampen, heime mot Stord, kom første sigeren. Den gjorde godt for alle. Det vart med den sigeren i første halvdel. I andre halvdel fekk me med oss to nye sigrar, slik at det ser ut som om me endar på 6. plass i vår avdeling. Det er me ikkje heilt nøgde med, då me tapte nokre kampar i haust der me burde klart eit betre resultat.

Til alle bortekampane har me nytta buss frå Suldal Billag, og hatt sjåfør sjølv. Dette har vore ei ordning der Suldal Billag har levert buss på tida kvar einaste gong. Det er me takksame for. Me er og takksame til dei som har vore sjåførar. Ein busstur med denne gjengen er aldri kjedeleg. Det er musikk, mat og littegrann fotballprat i fokus då.

27. september avslutta me sesongen med ein kamp mellom G14 og deira føresette. Ein god kamp der dei gamle kom best i gang, men der gutane til slutt vann 6-4 trass i at dei føresette spelte med ein ekstra spelar mest heile andre omgang. Etter kamp tok me turen til Kulp for pizza. Dette fekk me til gjennom eit samarbeid mellom klubb og litt sponsing frå Kulp.

Trenarane, Reidar Hagen og Torbjørn Indrebø, vil med dette takka av for denne sesongen, og takka alle gutane for den gode innstillinga og tolmodet dei har hatt med oss, men og for den innsatsen dei har lagt ned i løpet av sesongen.