Laurdag 11. november kl. 11.00 til 14.00 inviterer Suldal idrettslag til kafe og bruktmarknad for sportsutstyr.
Har du sportsutstyr du vil selga eller byta, kan dette leverast på Suldal Samfunnshus fredag kl.17.00-19.00.

Alt av sportsutstyr kan selgast eller bytast, både sommar- og vinter-utstyr.  Arrangementet er ope frå kl. 1100 til 1400.
Me håpar du ønskjer både å kjøpa og selga brukt sportsutstyr og at me sjåast på Suldal Samfunnshus.

Det vert kafe med salg av graut og saft, kaffi og kake.
Me nyttar Vipps betalings-app og kontantar.

Minner om at Suldal IL ikkje tek provisjon av salget, men sel på vegne av medlemmer som har utstyr dei vil selja.  Ikkje-medlemmer betalar kr. 50,- for leige av plass.