Harde fakta 2017

Ørjan var einaste spelar som fekk med seg alle 12 kampane i år.

Tala er talde og sett i rett rekkefølgje.

Tala for 2017 er ikkje all time high på nokon område, men det som er vanleg er at det er mange som har blitt registrert i år og.

I år skulle me hatt 14 kampar, noko som er lite nok i seg sjølv. På grunn av at to lag ikkje møtte til kamp i Prestavikjo, er maksimalt antal kampar ein spelar kunne få i år berre  12. Kun ein spelar greidde å prikka inn desse 12 kampane i kalenderen i år, og det var Ørjan Underbakke. Godt jobba! 

Harde fakta i tabellform finn de i menyen til venstre, eller ved å klikka her. Alle fakta frå kamp til kamp finn de her.

Det skal noko til å få alt til å klaffa. Debutanten Håvard Fatnes, Svein Egil Holmestad og Erik Vaage gjekk berre glipp av ein kamp kvar, mens 13 spelarar fekk med seg minst halvparten av kampane. I år nytta me 33 spelarar på a-laget. Av desse var fem stk debutantar: Håvard Fatnes, Dawud Ibrahim, Magnus Søraas, Rodas H. Teklay og Mohammed Ibrahim, alle frå Sand.

Me hadde to karar som runda 100 kampar heilt på tampen av sesongen, Jone Utbjoa og Ørjan Underbakke. Desse er nummer to og tre på lista over spelarar med over hundre kampar frå og med 2009. Ingve Berge vart førstemann i fjor. Det var ingen som runda 50 kampar i år.

Når det kjem til mål, så skåra me rett over to mål i snitt, 25 mål på 12 kampar. På tabellen såg det finare ut, sidan me fekk seks mål gratis på grunn av laga som ikkje møtte. Total målforskjell blei 31-31, me slapp altså inn fleire mål i dei kampane me spelte enn det me sjølv greidde å skåra.

Ingve Berge blei poengkongen, med flest mål, fem stk, og flest målgjevande, fire stk.

Nokon utprega toppskårar fekk me ikkje i år. Med eit hat-trick i nestsiste kamp, kapra Ingve Berge toppskårartittelen i år frå midtbaneposisjonen sin. Han netta totalt fem gonger. Nummer to på lista er og ein midtbanespelar; veteranen Bjørn Madland Steine med fire mål. På delt tredjeplass kjem yngstemann Magnus Søraas i debutantsesongen sin med tre mål, saman med all-time-toppskårar Jone Utbjoa (nå 45 mål totalt) og Ørjan Underbakke.

Ingve Berge var og den som var nestsist på ballen flest gonger, med fire assist. Motstandarane er registrert som nestsist på ballen tre gonger, mens Jone og Øjran har to kvar.

 

Sigvart Vårvik var det næraste me kom ein råtass i år.

Når det gjeld råtassen, er det ingen spesielt rå spelarar på laget i år heller. Det er tre stykk som i våre lister står med to gule kort kvar. Det er Sigvart Vårvik, Jone Utbjoa og sesongdebutanten Rodas H. Teklay. I NFF sine papir står det visst at Sigvart fekk to gule kort i ein kamp, men utan å ha blitt utvist. Så om me skal dømma ein til å vera litt meir rå enn dei andre to her, så får det bli Sigvart, for visstnok å ha fått to gule i ein kamp og likevel få spela heile kampen. Det skal nemnast at Øyvind Gjuvsland var gloande nær å vinna heile konkurransen i årets siste kamp, og eine kampen han var med på. Han kan takka ein fair motspelar for at han ikkje fekk sjå det raude kortet i den kampen, og raudt trumfar alle gule kort på råtasslista!

Det var sesongen 2017 i Harde fakta-redaksjonen. Talknusarane blir nå flytta over i Adelskalender-redaksjonen for å ta fatt på den.

Leave a Reply

 

 

 

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>