Arne er klar som trenar på a-laget.

Etter ein sesong der trenaransvaret har vore fordelt på mange, er me nå glade for å melda at me neste år har to trenarar som er godt motiverte og tek seg av styringa av a-laget. Det blir Arne Vatland og Geir Sigmund «Simmen» Bratland. 

Arne kjem til å vera den som har hovudansvaret for å sy saman opplegg, treningar, taktikk og laguttak, og med seg har han ein rutinert kar i Simmen. Det blir bra å ha to personar som er fast rundt laget, då er det lettare å ta på seg ansvar, og ein får nokon ein kan diskutera og finna løysinga saman med. Spesielt viktig er det å vera to sidan Arne har jobb der han er fire veker heime og to veker på jobb. Arne viste i dei kampane han leia mot slutten denne sesongen stort engasjement og evne til å tenkja taktisk gjennom kampen. Simmen har alltid vist stor interesse for a-lagsfotballen, og er og har vore trufast både på treningar og kampar i ein mannsalder. Han har mykje erfaring og ta av, og var hovudtrenar så seint som i sesongane 2013 og 2014.

Og med seg får han Simmen.

Med desse to ved roret, har fotballgruppa stor tru på at me får kontinuitet og ein raud tråd frå kamp til kamp, både når det gjeld spelemønster, taktikk og posisjonar til dei enkelte spelarane. Dette er noko som det vart for mykje bytte på i sesongen me nettopp har avslutta.

I tillegg til desse to, vil me framleis ha Tor Olav Berge som oppmann og organisator i Stavanger, og Christer Hansen syter for at heimekampane går av stabelen slik dei skal. Fotballgruppa skal syta for å støtta opp og hjelpa til der det trengst.

Fram mot jul driv ein vidare med trening måndag og onsdag, og så ser me føre oss eit spelarmøte når me skal ha nyttårsturnering i romjula der det vil bli høve for spelarane og komma med innspel på spelestil, målsetnad, oppleg og meir.