Avslutningsfest for Suldalsserien

Måndag var det avslutningsfest og premiering etter Suldalsserien. Tradisjonen tru var det premieutdeling, pølser og utloddning av ulike gåveartiklar.

Tre miniknottlag, tre knottelag, to lilleputtlag og eitt ungdomsskulelag har kjempa med dei andre idrettslaga i kommunen om poeng og ære, og endeleg var dagen kommen for å få premie for dette. Fotballgruppa informerte litt om kva aktivitet det har vore denne sesongen, før laga og lagleiarar kom fram for å få premiane. Til lagleiarane vanka det blomar og ein konvolutt med noko oppi. Takk for god innsats til både vaksne og ungar! Dei som ikkje var til stades kan få premiane sine ved å senda ein e-post til fotball@suldal-il.no, ta direkte kontakt med Jon, eller med lagleiaren sin. Så kan lagleiaren formidla beskjed vidare.

Etter utdelinga var det tid for pølser og brus, før utlodninga tok til. 

Suldal IL hadde kjøpt opp restlageret av treningsdrakterene som nå går ut av produksjon, og dei som var i rett storleik til spelarane var premiane som først vart lodda ut. Så gjekk det slag i slag med gåveartiklar frå sponsorane Statkraft, SR-Bank, Ola Fisketjøn, Sparebanken Vest og Suldal Billag, før fruktkorgene til Suldal IL gjekk heilt til slutt.

Ryddinga gjekk raskt unna, takket vera god hjelp frå foreldre og lagleiarar, og med det var Suldalsserien over for denne gong!

Leave a Reply

 

 

 

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>