For første gong blir det dametrening i fotball i Prestavikjo!

Måndag 4. desember kl 18.30 i Prestavikjo blir det fotballtrening for alle damer som er interesserte. Her er alle velkomne.

Det er med anna nokre av jentene frå J16-laget som har mobilisert for å få samla flest mogleg damer som har lyst til å spela organisert seniorfotball for Suldal IL. Me har aldri hatt eit damelag i seriesystemet, men nå kan det sjå ut som at det kan bli aktuelt. Det hadde vore svært kjekt! Dersom du lurer på om dette kunne vera noko for deg, så still opp på trening i morgon. Om du tenkjer at du ikkje har høve til å vera med i seriespel, så er du likevel svært velkommen til trening.

Suldal IL kjem til å bruka desember på å vurdera om me melder på lag i seriespelet. Til det treng me eit visst tal damer som kan binda seg til å vera med på dette. Er det nokon som har spørsmål, kan ein stilla det til leiar i fotballgruppa, Jon Bråtveit, fotball@suldal-il.no eller på Suldal IL si Facebook-side, eller Messenger.

Leave a Reply

 

 

 

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>