Den tradisjonelle nyttårscupen blir i år laurdag 30/12 kl 12.00 i gymsalen på Vinjar skule.

Dette er ei uhøgtideleg turnering for alle som ønskjer å vera med. Det betyr både damer og menn frå 9. klasse, seniorspelarar, dametrimmarar og gubbatrimmarar, samt andre med ein fot innanfor kommunen.

Ein melder seg på individuelt, og så trekkjer arrangørane laga.
I år håpar me at me får med mange jenter/damer. Me vurderer når påmeldingsfristen er ute om me fordeler damene jamnt utover laga, eller om det blir så mange at det blir eigen kvinneklasse i cupen.

Påmelding her på hendinga på Facebook, eller til Jon Bråtveit på tlf 92451155, Messenger eller fotball@suldal-il.no

Deltakarar frå 9.klasse – 100 år…………….

Påmeldingsavgift kr. 50,- pr. person, betalast ved ankomst.

Sal av kaffi og brus.

Frist påmelding 28. desember.