Besøk sidan februar 2009

Korleis er skiføret?

Løypekøyraren på Facebook: Klikk her!

Nyttårsturneringa 2017

Tidenes første gull- og sølvvinnarar i dameklassen i nyttårsturneringa!

Så var det på an igjen med nyttårsturnering. Og for første gong var det eiga dameturnering!

Eit forsiktig forsøk i fjor på å få med damer stranda, men i år kom me endeleg i gong med eiga dameturnering. Det skal seiast at det var forsiktig påmelding, berre fem meldte seg til denne klassen. Me er likevel nøgde med at me nå har eiga klasse for damer, og satsar på større pågang neste år. Damene spelte tre kampar seg i mellom, der dei som stod med flest mål til slutt vann turneringa. 

Det viste seg at det eine laget nok var meir målfarlege enn det andre. Anette Goa Bråtveit putta ganske rakst ballen i mål for damer 1, og Ane Hoås Foldøy fulgte opp. Med «The Joker», Arne Vatland i forsvar, var dette laget klart mest effektive framfor mål. Damer 2 med Anna Hoås Nerheim, Mina Lunde og Julianne Bog Steine hadde nokre sjansar, men det var ikkje før på slutten av siste kampen at dei fekk ballen i mål.

Pallen i herreklassen. Vinnarane i midten, sølv til høgre og bronse til venstre.

I herreklassen var det åtte lag i år. Etter puljespelet var det ingen lag som stod med full pott. I pulje 1 greidde lag 1 og lag 4 seg utan tap og gjekk til semifinale. I pulje 2 stod tre lag med 6 poeng etter tre kampar, slik at målforskjell vart avgjerande. Lag 8 var soleklart best her med 8-2 i protokollen. Lag 5 gjekk og vidare, mens lag 6 trega på at dei ikkje putta eit par mål til.

Det vart spelt plasseringsspel om plassene 5-8, semifinalar og bronsefinale før det var klart for finale. Der var det lag 1 og lag 5 som skulle møtast. Begge desse laga kom på 2. plass i gruppespelet, vinnarlaga frå puljene tok kanskje for mykje ut før semifinalane?

I bronsefinalen passa Morten Jelsa på målet, mens Ørjan Underbakke og Odd Inge Austarå gjorde jobben framover. Dei kunne dermed kontrollera inn bronsen mot Vidar Jørgensen Nærheim, Håvard Fatnes og Lars Tveit Lavalette.

Så var det tid for finale. På lag 1 var det god blanding av rutine og sprek ungdom. Bursdagsbarnet Neri Fisketjøn og Jone Utbjoa stod for rutinen og taktiske disposisjonar, mens Andrè Vatland og Dawud Ibrahim sprang og dribla. På motsett banehalvdel var det tjukt i rutine og musklar fordelt blandt ringrevane Øyvind Gjuvsland, Knut Hoås Foldøy og Sven Kolstø. Det skulle visa seg at det var sistnemnde lag som var sterkast, og dei vann heile 5-1 i finalen. Sven kunne dermed jubla for sin andre siger på rad i turneringa.

Plasseringa blei dermed slik:

Damer
1 Lag 1
2 Lag 2
Herrer
1 Lag 5
2 Lag 1
3 Lag 8
4 Lag 4
5 Lag 3
6 Lag 6
7 Lag 7
8 Lag 2

Takk for oppmøte og innsats, og til neste år satsar me på deltakingsrekord!

Damer 1
Ane Hoås Foldøy
Arne Vatland
Anette Goa Bråtveit
Damer 2
Mina Lunde
Julianne Bog Steine
Anna Hoås Nerheim
Lag 1
Jone Utbjoa
Neri Fisketjøn
Andrè Vatland
Dawud Ibrahim
Lag 2
Bjørn Madland Steine
Rune Andre Laugaland
Vemund Vatland
Lag 3
Nils Arne Moe
Tom Fisketjøn Wærnes
Isak Berge Espe
Lag 4
Vidar Jørgensen Nærheim
Lars Tveit Lavalette
Håvard Fatnes
Lag 5
Knut Hoås Foldøy
Øyvind Gjuvsland
Sven Kolstø
Lag 6
Thomas Brustveit
Erik Vaage
Tor Inge Bråtveit
Lag 7
Tom Ove Lunde
Torjus Steine
Hallvard Bakka
Lag 8
Morten Jelsa
Ørjan Underbakke
Odd Inge Austarå

Leave a Reply

 

 

 

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>