Besøk sidan februar 2009

Korleis er skiføret?

Løypekøyraren på Facebook: Klikk her!

Årets spelar og årets unge spelar

Årets spelar 2017.

Ingve Berge og Håvard Fatnes fekk prisane for høvevis årets spelar og årets unge spelar i 2017.

Ingve får prisen for god innsats både på og utanfor banen. På banen vart han både toppskårar og assistkonge, og han la ned god innsats på midtbanen gjennom 10 av dei 12 kampane han spelte. Spesielt viktig var han i bortekampen mot Hjelmeland der han med øydelagt ankel skåra tre mål og sikra det som nok viste seg å vera eit svært viktig poeng i kampen mot nedrykk. Ingve er elles ein kar som er positiv og bidreg med kva det skulle vera utanfor banen og.

Årets unge spelar.

Årets unge spelar gjekk til Håvard for framifrå innsats og godt spel på back- og vingposisjon. Han har teke store skritt denne sesongen. Med både ballkontroll, styrke, kondisjon og kaldt hovud, har han løyst oppgåvene sine svært bra i år, og me håpar sjølvsagt at me får stor nytte av denne karen frå Sand i åra framover.

Gratulerer til begge to!

Leave a Reply

 

 

 

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>