Besøk sidan februar 2009

Korleis er skiføret?

Løypekøyraren på Facebook: Klikk her!

For første gong i Suldal IL: A-lag for damer!

Sesongen 2018 blir første gong at Suldal IL stiller med damelag i seniorfotball. Det er ein milepæl me er stolte av!

Jente- og damefotballen har hatt ein oppsving dei siste åra. For to år sidan stilte me med jentelag i Rogaland fotballkrets sin serie. Petter Hoås og Odd Austarå gjorde ein strålande innsats med jentene, og tok dei frå enkelte stortap i første sesong til storsigrar og 2. plass i 2017. Fleire av jentene frå dette laget er nå stamma i seniorlaget me startar opp, saman med mange andre damer frå heile kommunen + Jøsenfjorden. Petter Hoås talde lenge på knappane, men nå er han med for fullt igjen som trenar for laget.

Det var på samlinga Suldal IL hadde for frivillige i klubben i november at tanken om eit seniorlag for damer meldte seg. Tanken var interessant, men me hadde vel ikkje trudd då at me skulle ha lag alt i 2018. Likevel viste det seg at lysta på fotball var stor, og det dukka opp interesserte frå størstedelen av kommunen, og som sagt Jøsenfjorden. Når Petter i tillegg heiv seg rundt og tok på seg trenarjobben, var det berre å melda på lag.

Damelaget er påmeldt i sørfylket, så det blir nok bortekampar fredagar og heimekampar laurdagar slik herrene har praktisert i mange år. Motstandarar og terminliste er ikkje klart endå.

Damene trenar måndagar saman med ungdomane på J16-laget. Desse to laga trenar nokon gonger saman og nokon gonger parallelt. Christer Hansen og Ørjan Underbakke tek seg av treningane til J16 i samarbeid med Petter og damene.

Me ønskjer damer, jenter og trenarar lukke til med sesongen!

Leave a Reply

 

 

 

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>