Treningskampane for herrelaget er klar. Det blir, slik det ser ut nå, fire kampar før sesongstart.

Oppmann Tor Olav Berge har snekra saman følgande kampprogram:

Laurdag 10.02 kl 14.00: Suldal – Ølen

Tysdag 20.02 kl 19.00: Sauda – Suldal

Laurdag 17.03 kl 14.00: Suldal – Sauda

Laurdag 14.04 kl 13.00: Suldal – Pol

Dette er tre lag som det blir interessant å måla krefter mot. Første motstandar er den som på papiret er sterkast; Ølen spelar i 5. divisjon og kom på midten av tabellen i fjor.

Sauda skal for første gong på det underteikna kan minnast spela på same nivå som Suldal. Dei rykka ned frå 5. divisjon i fjor, og skal spela i parallellpulja til Suldal i 6. divisjon i år.

Pol spelar og i 6. divisjon, i ei anna pulje enn Suldal. Dei har gjort det til tradisjon å ta seg ein pre-season-tur til Suldal for fotball og lagsamansveising. Kampen mot dei blir generalprøve, og etter all sannsyn helga før seriepreimiera. Endeleg terminliste for sesongen kjem snart.