Det vart poengdeling på Lura etter ein kamp der laga hadde kvar sin omgang.

Årets lengste og smalaste garderobe?

Årets lengste og smalaste garderobe?

Mange forfall til denne kampen, men likevel greier me å stille eit lag som ikkje er særleg svekka på nokon plasser. Det er bra. Me var på førehand klar over at me var nøydd til å stå på og  jobbe hardt saman for å halde fram den gode trenden. Derfor var det ikkje heilt slik det skulle vere då Lura tok leiinga etter eitt og eit halvt minutt.

Heimelaget hadde ein kjapp, liten spiss som vart spelt gjennom på eine sida. Han venta kaldt ut midtstopparen vår og sette ballen utagbart til side for Tor Hallvard Aarhus i mål. Det var ein kalddusj, men me er vane med å få mål i mot først sjølv om det er nokre kampar sidan det skjedde sist. Målet var likevel ikkje nok til å vekkje Suldalslaget i dag. Første halvdel av første omgang var spelarane ikkje på hugget og vart springande litt halvhjerta etter ballen.

Men så vakna bortelaget. Etter 26 minutt hadde Odd Åsgeir Lunde eit frispark som keeper redda heilt nede ved stolpen etter at Øystein Nærheim var blitt felt på 17 meter. Ti minutt seinare plukka Rene Adjemi opp ein feilpasning og skaut rett utanfor. Og i minutta før pause kom Tore Sørås og Rene gjennom på 12 meter, men keeper fekk tak i balle. Rett før dette hadde Lura ein stor sjanse. Men alt såg ut til å vere på sporet då Lura så kom åleine gjennom igjen med den raske spissen sin. Tor Hallvard rykka ut og såg ut til å vere først på ballen. Luraspelaren traff iallefall mest leggen til Tor Hallvard, for han fekk nokre stygge knottemerker i skinnleggen. Stor var derfor undringa då dommaren peika på straffemerken. Rart, men lite me kunne gjere noko med. Ein halt keeper i mål kunne lite gjere med straffa, og Lura gjekk til pause med 2-0 leiing.

I pausa vart me einige om å berre halde fram med det me var på veg til å få til før straffa. Dessverre måtte Tor Hallvard, som hadde spelt bra så langt, ut pga skada han fekk. Dermed måtte me gjere litt forandringar. Geir Bjarte Hoftun gjekk i mål, Bjørn M. Steine kom inn som spiss, og Erik Bård Bråtveit kom inn på flanken.

Dagens bestemann i oppvarming

Dagens bestemann i oppvarming

Om det var Lura som var best i første omgang, så var Suldal det førande laget i andre. Det vart aldri det heilt store spelet, men innsatsen var det lite å seie på. Dei kjempa seg til mange frispark på Lura sin halvdel av bana. Seks minutt ut i omgangen Tok Tor Olav Berge eit av sine mange frispark. Han slo den inn i feltet der Tor Arne Sigstad knova til seg ballen. Til slutt enda den hos Tore, som fekk putta den i mål. Spesielt vakkert var det ikkje, men deg gav bortelaget ei skikkeleg vitamininnsprøytning.

Resten av omgangen var det helst Suldal som hadde ballen, men Lura var farleg frampå nokre ganger. Dei hadde to lobbar som fort kunne gått i mål, samt eit frispark i tverrliggaren.

Eit kvarter ut i omgangen kom utlikninga. Odd Åsgeir Lunde tok frispark frå ca 25 meter ute på høgresida. Han svinga den på mål, og sidan ingen greidde å stoppe den, vart det utlikning av det. Resten av kampen kom me og til andre sjansar. Bjørn lurte seg forbi motspelaren sin på venstresida ved hjelp av ein frekk tunnel, han gav vidare til Rene som ikkje var langt frå å setje den i mål. Rene var aktiv etter kvart, han spelte til Tore som sette ballen på keeper, og han la flott inn til Bjørn som var heada ballen like til side for mål.

Suldal hadde absolutt sjansane til å dra sigeren i land, men Lura kunne fort fått eit tredje mål dei og. Alt i alt var det greit at det vart uavgjort. Første omgang var rett og slett for dårleg. Nå må me ta revansje igjen mot Mastra heime i Vikjo kl 15 på laurdag. Vonaleg stiller laget frå Morsterøy opp slik at heimepublikum kan få lufte seg.

Fakta:

Mål:

1 min: 1-0 Lura

45 min: 2-0 Lura

51 min: 2-1: Tore Sørås

60 min: 2-2: Odd Åsgeir Lunde

Kort:

Gule: Odd Åsgeir Lunde og to til Lura

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Tor Olav Berge

2 poeng: Odd Åsgeir Lunde

1 poeng: Rene Adjemi og Øystein Nærheim (juryen var svært delt her, derfor greip juryformannen inn, gjorde eit unntak og delte ut to eitt-poengarar.)

Lag: Tor Hallvard Aarhus – Nils Arne Moe, Tor Olav Berge, Tor Arne Sigstad, Vidar Hilde – Øystein Nærheim, Odd Åsgeir Lunde, Tore Sørås, Torstein Erfjord – Geir Bjarte Hoftun, Rene Adjemi

Innbyttarar: Erik Bård Bråtveit, Bjørn M. Steine, Svein Egil Holmestad