Suldal I.L. inviterer til det tradisjonsrike turrennet Mosvatnet Rundt. Rennet vart arrangert første gong i 1948, så i år feirar me 70 år! Dette vil bli markert renndagen med utvida premiering, og historien om rennet vil bli publisert under og etter rennet. Merk at det også er renn for dei aller yngste. Det er fellesstart for alle klassar.

Dato:                          04.03.2018

Klokka:                     13.00

Stad:                          Gullinghuset, Suldal

Stilart:                       Klassisk, 25 km (frå 17 år)

Løype: Løypa er ei 8,5 km løype rundt Mosvatnet i lett kupert terreng som vert gått 3 gonger. Start og mål ved Gullinghuset.

Alternativ trasè: Ved overvatn på isen eller lite snø vert det lagt ei alternativ løype på austsida av vatnet.

 

Miljøklasse  8,5 km (for dei som ynskjer å gå litt kortare)

Trimklasse (går så langt ein sjølv vil, trekking av premiar blant dei som deltek)

 

Barnerenn  500 meter for klasse        G og J 0-7 år

Distanserenn 1 km for klasse              G og J 8 år (2. klasse)

Distanserenn 1,5 km for klasse          G og J 9-10 år (3.-4. klasse)

Distanserenn 2 km for klasse             G og J 11-12 år  (5.-6. klasse)

Distanserenn 8,5 km for klasse          G og J 13 – 16 år (7.-10. klasse)

 

Startkontigentar:

0-7 år              Gratis

8-12 år              100,-

13-16 år            100.-

Turrenn            200.-

Miljøklasse       200.-

Trim                    50.-

 

Alle startande over 13 år skal ha betalt skilisens gjennom eit idrettslag. Alternativt kan ein løyse eingongslisens når ein betalar startpengar (13-25 år kr 60,- og over 26 år kr. 150,-).

Kiosk og garderobar i Gullinghuset.

Påmelding online via ”Min idrett” eller Sportsadmin, alternativt på e-post: ski@suldal-il.no  innan 02.03.2018.  Info vert lagt ut på www.suldal-il.no og på Facebook: Suldal IL – Skigruppa