Vard Haugesund-trenar Knut H. Foldøy i Suldalsdrakt!

Til helga kjem Vard Haugesund til Suldal for pusla på plass dei siste brikkene før seriestart i 2. divisjon. Då skal dei med anna ha trening i Prestavikjo.

Laurdag 10. mars og søndag 11. mars er planen at dei skal trena kl 10-12.

Det er fleire grunnar til å ta seg ein tur for i kikka på dette dersom ein har tid. Vard Haugesund kjem frå ein svært sterk prestasjon då dei slo sjølvaste FK Haugesund 2-1 i treningskamp i veka.

For det første: Vard Haugesund blir, som mange har fått med seg, trent av sandbuen Knut Hoås Foldøy. Knut har sjølv spelt ein sesong for Suldal i 2010, då han putta seks mål på 14 kampar. Elles har han sjølv spelt i med anna Vard Haugesund, Vaulen, Skade, aldersbestemt FK Haugesund og Notodden 2. Dei siste åra har han hatt ulike trenaroppgåver i Notodden, før han i år altså har teke steget opp og blitt hovudtrenar i Vard Haugesund. Det blir spennande å følgja Knut og laget i årets sesong.

Vard Haugesund-spelar Fredrik Deilkås i Suldalsdrakt.

Vard Haugesund-spelar Sander Deilkås i Suldalsdrakt.

Ein annan grunn til å kikka på treningane er at Abrahamsen Deilkås-brødrene Fredrik og Sander begge spelar på Vard Haugesund. Fredrik har spelt mange sesongar for Vard Haugesund tidlegare. Han har og fått prøva seg på det aller høgaste nivået då han var i FK Haugesund. I fjor spelte han i Djerv 1919, men er nå tilbake i Vard. Sander har også spelt i Djerv 1919, men har dei siste sesongane vore i Vard Haugesund. Både Fredrik og Sander fekk sine første seniorkampar for Suldal i si tid. Så får me håpa brørne har fått mjølkesyra frå Mosvatnet Rundt i dag ut av beina!

Trenarar og spelarar i Suldal IL har dessutan ein tredje grunn til å møta opp: Det er heilt sikkert ein del å plukka med seg av å sjå på ei trening og to med eit 2. divisjonslag som ein kan ta med seg både til miniknott og til a-lag.

Det er kjekt at me får større klubbar inn til Suldal på treningssamlingar og treningskampar. Tidlegare i vinter var FK Haugesund her for å sveisa saman laget, Vard Haugesund kjem altså nå, og tidlegare har me og hatt Viking FK på besøk.