Fotballsesongen er i gong!

Suldalsjentene sitt J16-lag har alt vore i gong ei lita veke, og i dag sparka G13 serieballen i gong mot Sauda.

Jentene har hatt ei fin sesongopning, med eit knepent 3-4-tap mot Sauda i første kamp, og ein flott 2-0-siger borte mot Bremnes i helga. Og siste melding er at G13-gutane slo Sauda heile 3-0!

G15-laget skal ha sin første kamp borte mot Etne 17. april, og første heimekamp tysdag 24. april mot Djerv 1919 2.

Når dei aldersbestemte laga til Suldalsgutane- og jentene så har vore i gong ei stund, er det for første gong tid for ikkje berre ein, men to seriekampar for vaksne medlemmer i Suldal IL på same dag i Prestavikjo: Både a-laget til damer og herrer sesongopnar heime laurdag 21. april. Først ut er herrene mot Klebe kl 13.00. Så tek damelaget imot Forus og Gausel 2 i den første damekampen i Prestavikjo kl 15.00.

Etter dette går det slag i slag utover sesongen. Me håpar og trur me får kiosken opp og gå på ein del av kampane, og elles håpar me de møter opp og støttar både Suldalsgutane, Suldalsjentene, seniorlaga til Suldal IL, og sist men ikkje minst dei aldersbestemte laga våre i Suldalsserien. Terminlistene der er ikkje klar, men blir annonsert så snart me har dei.

De kan følgja med på kva som skjer i Prestavikjo og av bortekampar på kalenderane i høgre marg på heimesida:

Alle kampar i Rogaland Fotballkrets sine kretsseriar finn du her.

Alle treningar og kampar i Prestavikjo finn du her.

Fast banefordeling, spesielt for treningar, og generelle kamptidspunkt finn du her.

Oversikt over heimekampar i kretsseriane finn du her.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *