Ingen grunn til tomme benker framover.

Det vert ikkje superlaurdag i Prestavikjo til helga, damekampen er utsett.

Forus og Gausel greidde ikkje å stilla lag til denne kampen, så dermed er den flytta på ubestemt tid. Det blir likevel god grunn til å ta turen til Prestavikjo; herrelaget sesongopnar mot Klebe kl 13.00.

I løpet av ei veke er det dessutan ypperlege høve til å sjå alle dei tre  aldersbestemte kretslaga våre i aksjon på heimebane:

  • Torsdag 19/4 kl 19:00 spelar J16 motDjerv 1919 2
  • Måndag 23/4 kl 18:30 spelar G13 mot Vard Haugesund 3.
  • Tysdag 24/4 kl 19:00 spelar G15 mot Djerv 1919 2.

Ta ein tur då vel! Kan godt henda kiosken er open nokre av kveldane….