J9-laget jublar etter god innsats på Sentrumscupen i Sauda.

Laurdag 21. april arrangerte Sauda IL cup for 6-12-åringar. I år sendte me omtrent alt både av spelarar og foreldre i denne aldersgruppa inn. 

Me stilte med sju lag, med godt med spelarar på alle laga. Laga vart fordelt etter årskull, så me hadde G7, G8, G9, G10, G11 og G12, samt eit reint jentelag i J9-klassen. Bortsett frå 9-årsklassen, så spelte jentene saman med gutane i guteklassane.

Tilbakemeldingane er gode, det var kjekt å prøva seg mot andre lag. Og så er det sjølvsagt noko spesielt med cup-stemning. Rykta seier og at dei gule draktene og treningsdressane viste godt igjen i industribygda denne laurdagen. 

Tusen takk til Sauda IL som arrangerer cupen. Vidare stor takk til trenarar, lagleiarar og føresette som sette av denne laurdagen til at det blei eit kjekt fellesarrangement for Suldal IL. Siste takk til fotografane som har sendt inn bilde. Mykje fotballglede og sjå på desse.

Nå er det Suldalsserien som er neste mål!