G13-laget har komme godt i gang, og har vunne dei to første kampane sine mot Sauda og Stegaberg. Her kjem ein rapport frå kampen mot Stegaberg.

Me tek meir enn gjerne imot kamprapportar frå alle lag, frå miniknott til Suldalsgutane og jentene og seniorfotball! Send til fotball@suldal-il.no

 

Kamprapport på Frakkagjerd kunstgras.
Kampen starta med nokre halvsjansar til begge lag, men etter ei stund tok Stegaberg meir og meir over. Utover i omgangen fekk heimelaget fleire store sjansar, men det var Suldal som mot spelets gang gjekk opp i ledelsen. Suldal blei pressa meir og meir bakover på banen og i slutten av omgangen kom utligninga. Stegaberg hadde 4 skudd i stolpane i løpet av omgangen.

Andre omgang starta slik den første slutta med eit voldsomt press mot Suldalsmålet. Dei var aggressive på ballførar og Suldal sleit med å komma ut av eigen banehalvdel. Stegaberg fekk inn to mål ganske raskt og fortsette å pressa på. Suldal haldt motet oppe og klarte å utligna til 3-3 på to kontringar. Etter dette virka det som lufta gjekk ut av Stegaberg medan Suldal fekk ny giv. Suldal gjekk frå 3-3 til 7-3 i løpet av dei ti siste minutta. Tre av måla kom på fine langskudd.

Suldal kom litt heldig ut av kampen, men viste ståpåvilje heilt til dommaren bles av kampen.

Målscorarar:
Mari Indrebø
Mikkel Anderson
Isak Berkvam steine
Marius Sigstad
Martin Marvik

Andreas Benninghoff

Spelerar:
Henrik Helland
Mari Indrebø
Bård Gundersen
Eirik Naustvik
Martin Marvik
Marius Sigstad
Matias Berekvam Steine
Mikkel Anderson
Isak Berekvam Steine
John Einar Johnsen
Torbjørn Sandvik
Andreas Benninghoff