Lura 2

Laget som held til i Sandnes kommune er eit rekruttlag/avleggjar frå eit A-lag som held til to divisjonar lengre oppe i systemet. Før kampen mot Suldal stod dei med eitt heimetap og ein borteseier i rekneskapet. Frå det underteikna kunne sjå, mønstra dei eit robust og erfarent mannskap til heimekampen mot dei gul/svarte frå Osen.

Suldal

Ny trenar i Arne Vatland og nokre nye ansikt til denne sesongen i 6 divisjon. Målet må var å komme inn på øvre halvdel, men det er mykje jobb som ligg framfor det unge og noko urutinerte mannskapet.

Laget er klar til kamp

Det var ein spennande første 11-er Arne hadde plukka ut til denne kampen, der det figurerte både nye spelerar og to ringrevar frå Sand.

Svein Egil tok selvfølgelig jobben i målet. På backane stilte me med Haakon Mehus og Odd Inge Austarå. I midten bak skulle Torjus Steine og Isak Espe halde forsvaret saman. På midtbanen stilte Ingve Berge i ei djup rolle med Jone Utbjoa og Tore Søraas framfor seg. På kantane var det Andre Vatland og Ådne Fermann som skulle gjere jobben. På topp stilte Vegard Aas.

Den sterke gjengen som starta på benken var Lars Lavalette, Erik Vaage, Hallvard Erfjord, Håvard Fatland og Magnus Søraas. Heile hurven fekk speletid.

Kampen

Det verka å til å vera eil heiltent suldalslag som fekk boltre seg på Lura stadion denne fredagskvelden. Gutane gjekk i duellar og vann dei fleste andreballane. Det var også Suldal som skulle komme med det første målet i kampen. Ein strålande langpasning frå venstre i banen, traff Ådne perfekt. Nesbuen traff godt på mål og overlista heimelaget sin målmann. Deilig scoring og fortjent leiing. Så er det slik det er og slik me ofte har framstått. Me miste taket i kampen litt etter litt. Det var etter kvart greit at Lura 2 fekk si utligning etter rot i forsvaret vårt. Som om ikkje dette var nok, så klarte me å pådra oss eit unødvendig straffespark. Dei grøne frå Lura hadde ingen problem med å overliste Svein Egil frå krittmerket. 2-1. Det skulle vise seg at me var noko heldige som ikkje låg under med fleire mål til pause.

I pausen stilte Vegard det betimelige spørsmålet: er me FOR fornøgde med leiing? Er det slik at me då trur at me e betre enn motstandar? Denne omgangen viste godt at det var me ikkje. Spesielt med den sløvheten me viste utover i første omgang.

Andre omgang byrja litt likt som den første slutta. Sjøl om me verka litt meir tente, så vart det mange balltap og slakke involveringar. 3-1 skulle komme etter nok ei ukonsentrert handling i forsvar. Sløvt og me må skjerpe dette framover. Det skulle heller ikkje mangle at Lura 2 fekk sitt fjerde mål også etter dårleg involvering frå bortelaget.

Oppsummering

Konsentrasjonen må opp, praten i laget må opp, tenninga må halde i 90 minutt, ikkje 20 minutt og relasjonane i laget må forbetre seg betraktelig.

Det positive er at det er ein del talent i dette laget og det er mykje uforlaust hjå desse gutane. Det er bare å heim å trene for å reise seg etter dette tapet.

Lura 2 fortjente denne seieren, men Suldal kunne lett tatt med seg poeng om me hadde vore litt meir på.

Neste kamp er i Rogalandscupen 15 mai mot Havdur. Neste seriekamp er borte mot Austrått 2 den 25 mai.