Strålande fornøgd gjeng! Nede frå venstre: Silje Lovra, Kathrine Kroken Lono, Åshild Vårvik, Siri Håranes Eide, Mina Lunde. Oppe frå venstre: Ane H. Foldøy (lagleiar), Stina Tveiten, Mathilde Nerheim, Siri Svellingen Skogseth, Lina Baustad Hoås (kaptein), Kristina Kvæstad, Petter Hoås (trenar).

Siger i første kamp

Den historiske dagen for Suldal IL vart krona med siger og tre poeng.

Ane H. Foldøy

Det var ein lett nervøs gjeng som reiste med hurtigbåten til Stavanger fredag. Men dei høge skuldra vart fort senka då dommaren bles kampen i gang på Midjord stadion. Berre etter åtte minutt hadde Suldalsdamene hatt fire skot mot motstandarane sitt mål.

Nettkjenninga skulle likevel ikkje koma før i andre omgang. Etter at keeper måtte gi retur, var Lina Baustad Hoås rask med å setja ballen i nettmaskene. Det tok ikkje lang tid før Suldalsdamene var på hugget igjen. Kathrine Kroken Lono fann Kristina Kvæstad som fekk stå aleine i feltet. Dermed stod det 0-2 til bortelaget, til stor jubel for dei frammøtte suldølene på sidelinja. Ikkje lenge etter, fekk ein Brodd-spelar fritt spelerom til å plassera ballen bak Mina Lunde, som dessutan hadde to svært gode redningar på tampen av kampen. Etter ein nervepirrande sluttspurt, bles endeleg dommaren av kampen. Dermed kunne Suldalsdamene ta med seg tre poeng heim i serieopninga mot Brodd. Neste kamp blir heime mot Tjensvoll, 2.pinsedag kl. 14.00. Vel møtt til kamp i Prestavikjo!

 

KAMPFAKTA

Brodd 2 – Suldal (1-2)

Midjord stadion

Mål: 0-1 Lina Baustad Hoås (35), 0-2 Kristina Kvæstad (38), 1-2 (40)

Suldal (2-3-1): Mina Lunde – Silje Lovra – Åshild Vårvik – Mathilde Nerheim – Kristina Kvæstad – Kathrine Kroken Lono – Lina Baustad Hoås (K). Innbyttarar: Stina Tveiten – Siri Svellingen Skogseth – Siri Håranes Eide (alle fekk speletid).

Tilskodarar: Tolv (ni personar heia på Suldal)