Ny kamp nye muligheter er det vel eit uttrykk som heiter. Slik er det jo i fotball. Ein skal alltid nullstille, men ta med positive erfaringar frå andre kampar. Det var dette ein kunne sjå i dag då Suldal reiste på nok ein tur til byregionen Sandnes for å kjempe om poeng.

Suldal feirar målet til Magnus

Laget me møtte denne gongen var Austrått 2 med den tidlegare Bryne FK profilen Jørn Hagen godt sementert på midtbanen. Motstandaren vår denne kampen har i motsetning til oss begynt sesongen bra, Før kampen mot dei håpefulle frå Suldal hadde dei ni poeng på fire kampar. Likevel skulle dei verkeleg få kjempe om poenga denne nydelege fredagskvelden.

I dag var det Simmen som var sjefen på sidelinja i fråveret av hovudtrenar Arne, som er på jobb. Den store høvding frå Nes hadde mønstra eit godt lag til denne kampen og hadde ein klar strategi om å slå litt langt dei femten første minutta. Poenget med dette var nok for å skape litt uro i dei bakerste linjene hjå Austrått. Det heile var ein stillingskrig stort sett heile kampen, men nokre sjansar fekk begge laga. Først var ein god Andre gjennom, men ei god redning forhindra scoring til bortelaget. Etter om lag tretti minutt kom Magnus til ei god avslutning. Ballen fekk såpass bra med fart og var nok innom ein forfjamsa stoppar på vegen inn i nettmaskene. Ei deilig scoring og som mot Lura 2 gjekk me opp i leiinga. Rett før pause var det dagens målmann for Suldal, Ingve som måtte i aksjon. Ein heimespelar fekk ballen fri inni vår 16-meter, men Ingva var offensiv og fekk avverge med ei god redning.

Ein bra omgang av Suldal der me verka å var på sjøl om det var vel 25 grader på grasmatta.

Pauseprat

Andre omgang starta med press frå Austrått 2 der dei etablerte seg på vår banehalvdel. Dagens dommar blåste etterkvart for offside på ein Austrått-spelar, men gav frisparket til heimelage. Ein av mange rare avgjersler frå dagens dommar. Likevel var det dette som skulle var sjansen dei blå trong for å få ei utleiing. Eit godt slått frispark traff ein uheldig Erik og dalte inn bak ein Ingve, som ikkje hadde sjansen på målet. Etter ei fortjent utleiing fortsatte heimelaget å kjøre mot suldalmålet. Etter 20 minutt var det nevnte Hagen som fekk godt treff frå 18 meter og sendte Austrått i leiinga. Kjedeleg, men me klarte liksom ikkje ta tak når heimelaget starta som dei gjorde i kampens andre omgang. Utover kampen kom me meir med og byrja vinne fleire duellar. Det resulterte likevel bare til ei god avslutning. Eit langskudd frå jone smalt rett i tverrliggaren. Eit flott forsøk som fort kunne resultert i mål nummer to for bortelaget.

Kampen ebba etterkvart ut og då dommar bles av kampen var det heimelaget som hadde trukket det lengste strået. Greit nok med heimesiger, men underteikna sit med følelsen av at eit uavgjort også hadde vore greit.
Mange gode prestasjonar i dag og mykje av det eg sakna sist var meir til stades denne kampen. Kjemping, betre pasningsspel og gode duellar gjorde til at me spelte ein spennande og bra kamp mot laget som etter kampen ligg på andre plass i avdelinga.
Mål: Magnus

Assist: Referent var opptatt med uviktige ting og fekk ikkje dette med seg?

Laget: Ingve, Odd Inge, Erik, Bjørn, Håvard F, Lars, Andre, Isak, Haakon M, Magnus, Jone U
Benk: Rene, Ørjan, Johannes