Nokre av Suldal IL sine 9-åringar på cup på Tau. Mikkel er ein solid grunnmur!

Laurdag reiste eit lag med 9-åringar til Tau på Ryfylke Trelast-cup.

Me har vore der før også, men då med ungdommar. I år var 9-åringane ivrige på å ta seg ein tur, og etter rapportane så vart det ein flott tur.

Det vart spela 5’er-fotball, og dei som var med var Anders, Ondra, Jørgen, Thomas, Torstein, Daniel og Simon. Gutane spelte   tre kampar:

  • Suldal – Jørpeland 2-1
  • Suldal – Jørpeland 1-1
  • Suldal – Tau 3-0

I målet stod Anders, Simon og Jørgen. Godt samarbeid igjen, som me har opplevd tidlegare på cup i Sauda og Hjelmeland. Kjempejobb i varmen! Alle fekk pokal, og Mikkel spanderte selvfølgelig is etter cupen for ein fantastisk innsats. Og det var stas å bade i Hjelmeland på vei hjem.