Besøk sidan februar 2009

Korleis er skiføret?

Løypekøyraren på Facebook: Klikk her!

G15: Bremnes – Suldal 1-3

G15 vann sin fjerde siger i dag, og ligg nå på 2. plass på tabellen. Her kjem ein rapport:
Me spelte mot Bremnes på Bømlo, i ein ekstrem varme, men desse tasane våre sluttar visst aldri og overraske. Som vanleg slapp me inn eit skitmål i byrjinga av kampen, men dei samla seg rimeleg kjapt, og utlikna berre nokre minutt etter at Bremnes tok leiinga. Me fekk putta eit til før pause, slik at dei kunne ta seg ein velfortent kvil med leiing 2–1.


Andre omgang var me og best, og 10 min før slutt sende Muhammed avgårde ein susar frå 25 meter, som susa inn i krysset.
Dermed blei det siger 3–1, og heimturen blei med ett mykje kjekkare å legga ut på.

Som vanleg var vår «12 mann» tilstades, og var med og hjalp gutane med heiarop og positive kommentarar. Dåkken e goe!
Våre andre målscorarar var Eskil og Bjørn.

Neste kamp blir tirsdag 5/6, borte mot Torvastad. Me går like godt for siger der og.

Heia Suldal😊👋⚽️

Leave a Reply

 

 

 

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>