Ny siger for G15-laget. Nå er det tabelltopp! Trenar Arne har følgande referat:

Tysdag tok me turen til Karmøy for å spela mot Torvastad. Me var utruleg spente alle rundt laget før denne kampen. Ville me klare å mobilisera nok til å få med oss nok ein seier…???
Svaret på det er eit klart og tydeleg JA!!!!
Dei gutane sluttar aldri å imponera meg?
Dei er så mentalt sterke at eg finn ikkje ord!


Etter ein jamnspelt 1.omg, der Torvastad sto for dei største sjansane, fekk me justert presshøgda i 2.omg, og det resulterte i at me tok fullstendig over! Med to scoringar i siste halvdel av omg. sikra me ein knallsterk bortesiger?? Mohammed og Sindre sto for måla våre. Vil avslutte med å seia at alle gjorde ein formidabel innsats, og fortente verkeleg å vinna i kveld?⚽️
På søndag er det heimekamp mot Nedstrand. Håpar så mange som mogeleg tek turen til Prestavikjo for å sjå på dei flinke gutane våre!??
Heia Suldal⚽️?