Gammalt bilde, men like sprek: Jone putta to mål i dag.

Med Superlaurdag (både dame- og herrekamp) og supervêr låg det til rette for ein superdag med superfotball og supersal i kiosken!

Det var herrene som hadde første kampen, mot laget frå sandnesbygda med det interessantet namnet Julebygda. For dei som er meir lokalkjende, ligg dette rett i nærleiken av Malmheim.

Bygda med det spesielle og eineståande namnet, Julebygda, som diverre ikkje nokon til denne tid har kunna fastslå opphavet til. Det tidlegaste me kjenner namnet Julebygda brukt i skriftleg form, er kring 1900.

Henta frå www.julebygda.com

Det var bakande varmt, og det var heilt sikkert tungt å springa utpå det tørre kunstgraset. Likevel gjekk Suldal ut i høgt tempo og tok kontroll over kampen frå start. Det skal seiast at gjestene absolutt var med på notene, men me på sidelinja totte at det var heimelaget som førte an. Derfor var det som det skulle at me tok leiinga alt etter fem minutt. Ingve Berge vann ein hovudduelle på midten, stussa vidare til nevø Isak Berge Espe, som fekk sendt ballen vidare til dagens kaptein Jone Utbjoa. Han nølte ikkje, og frå 20 meter tok han ballen på halv volley og sendte den i ein perfekt boge over keeper og i mål. Strålande!

Så skulle det ta eit kvarter før neste mål kom. Begge lag hadde hatt sine sjansar til å komma i målprotokollen, frå Suldal si side hadde vel Espen Josdal den største sjansen då han fyrte av eit skot som keeper fekk slått over. Neste mål kunne altså begge lag fått, men sjølvsagt var det gjestene som fekk det. Vèl var det ein susar, eit nydeleg skot frå 20 meter som fauk inn i krysset utan sjanse for Svein Egil Holmestad i suldalsmålet. Problemet er at målskåraren aldri skulle fått så god tid på seg til å fyra av denne kanona. Me må raskare oppi motstandaren, og absolutt setta inn press når dei er så nære målet vårt!

Heldigvis svarte me raskt. Etter ein velforten drikkepause var det igjen Jone Utbjoa som var sist på ballen. Venstrebacken vår, Håvard Fatnes slo ein lang ball som Jone møtte makalaust med pannebrasken. 2-1, nå måtte me vel kunna dra ifrå? Men neidå, tre minutt seinare utlikna gjestene på eit gjennomspel der me nok ikkje var så konsentrerte. Vidare ut omgangen var det jamspelt, utan at det blei meir mål.

I andre omgang var det absolutt Suldal som hadde ballen mest, men gjestene var farleg frampå rett som det var. Kven skulle avgjera dette? Jau, dessverre var det Julebygda som fekk mål, og det kom på verst tenkeleg vis. Målvakta vår var uheldig med utspelet, spissen deira plukka opp og gjorde ingen feil. Bortelaget i leiinga for første gong, og der blei dei. Suldal hadde etterkvart ballen heile tida, og det vart nokre gonger halvfarleg, men det vart aldri mål utav det. Motstandarane var nokre rutinerte ringrevar som gjorde det som måtte gjerast, og me var ikkje tøffe eller lure nok til å få ballen i mål.

Spelarane jobba hardt og ville verkeleg få poeng i denne kampen, men det vart det andre eitt-målstapet på rad. Det er slike kampar me må vinna med eitt mål i staden for å tapa dei. Me har nå spelt fire kampar. Spelet kjem seg, me er like gode som motstandaren, men me må finna fram det litle ekstra, ein djevelsk vinnarvilje!

Ny sjanse på fredag, borte mot Forus og Gausel 2. DER skal me vinna!

Fakta: 

Mål: 

5 min: 1-0: Jone Utbjoa – assist Isak Berge Espe

20 min: 1-1: Julebygda

25 min: Jone Utbjoa – assist Håvard Fatnes

28 min: Julebygda

67 min: Julebygda

Lag: 

Svein Egil Holmestad – Håvard Fates, Torjus Steine, Erik Vaage, Odd Inge Austarå – Espen Josdal, Haakon Elvasson Medhus, Ingve Berge, Ørjan Underbakke, Isak Berge Espe  – Jone Utbjoa

Innbyttarar: Glenn Søraas, Sven Kolstø, Johannes Wigestrand

Kamprapport