Besøk sidan februar 2009

Korleis er skiføret?

Løypekøyraren på Facebook: Klikk her!

6 div avd 2: Våganes 0-4 Suldal

Fire mål frå denne karen sikra oss sesongens tre første poeng

  • Endelig seier
  • Jone i fyr og flamme
  • Godt forsvarsspel
  • Brilliant midtbane
  • Ja- mannen, Ingve

Endelig skulle seieren vår komme, og så fortjent at guttane våre endelig kunne inkassere tre deilige poeng. Mot Våganes i siste kampen før ferien fungerte det meste for Suldal og me kan ta med oss godfølelsen inn i fotballpausen.

I denne kampen fungerte endelig forsvaret vårt, midtbanen kontrollerte kampen på heile linja. På topp var Jone i storform og putta heile fire mål i kampens siste omgang. Ekte hattrick!! Fekk du med deg kampballen Jone?

Eit hovedmoment i denne kampen var den gode organiseringen frå forsvaret. Med ei ro og god kontroll hadde forsvarsfireren vår ein god smitteeffekt på resten av laget. Heile kampen verka det som at gutane frå Suldal ikkje hadde gjort anna enn å spele med senka skuldre og overbevisande ro i spelet. Fantastisk kjekt å sjå for oss på sidelinja.

Midbanen vår i dag verka enda meir dynamisk en tidlegare i sesongen. Med ståltru på egne ferdigheter og guts i taklingane var det ein fryd å sjå dei fem på midtbanen i full blomst.

Ingve stod nok ein god kamp i mål og haldt buret reint

I mål til denne kampen hadde me i mangel på andre igjen måtte ty til Ingve. Berge-guten er ein viktig bidragsyter for laget på mange måtar og når han seier ja til å stå i mål bekrefter det både lagfølelse og det å sette laget framfor seg sjøl. For alle lag må ha slike personar for å fungere. Stødig og god kamp av Ingve nok ein gong.

Nå går me inn i fotballpausen med ein litt bedre følelse enn om me hadde hatt eit negativt resultat. Mykje av det som ikkje har fungert så godt denne våren, fungerte denne kampen. Me tar med oss denne herlige opplevelsen og held ein ok form gjennom ferien. Det gjeld å mobilisere, for plutselig bankar august på døra og nye kampar skal spelas.

Ps: Eg hugsar ikkje kven som assisterte Jone på måla, så dette er «up for grabs». Tore påstod at han hadde ein målgjevande.

Laget: Ingve-Håvard, Erik, Vegard, Odd Inge-Torjus, Isak, Tore-Hallvard, Lars-Jone

Benk der kun Mikkel fekk speletid. Jone Gjertsen, Johannes, Sigvart, Mikkel

God sommar😊

Leave a Reply

 

 

 

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>