Suldalsdamene tar sommarferie på tabelltopp! Nede frå venstre: Kathrine Kroken Lono, Kristina Kvæstad, Åshild Vårvik, Siri Håranes Eide. Oppe frå venstre: Kristine Bøe Berge, Mathilde Nerheim, Lina Baustad Hoås, Silje Lovra, Sofie Helgeland Våge, Siri Svellingen Skogseth, Beate Klungtveit, Stina Tveiten. Framme: Mina Lunde.

Heitt i Prestavikjo!

I steikande sol og 30 grader sikra Suldalsdamene seg tre poeng i historiens første heimekamp.

Ane H. Foldøy

Med høge skuldre var det ein tydeleg nervøs gjeng som sparka i gang historiens første heimekamp i Prestavikjo. Laget frå Stavanger utnytta spenningsnivået, og var raske med å setja ballen i målet til heimelaget. Det var nok akkurat dette som skulle til for å skru Suldalsdamene på. Gradvis tok heimelaget meir og meir styringa i kampen. Til trass for periodar med noko rotete og oppjaga spel, hagla det inn heile fem ballar i motstandarane sitt mål. For målsjansar til heimelaget var det mange av, og det kunne like godt vore det dobbelte som sluttresultat. Like før slutt fekk Brodd eit trøstemål.

I følgje trenar, Petter Hoås, har laget spelemessig meir å gå på. – Me fekk ikkje ut alt ein viser på trening i sjølve kampen. Dette såg ein igjen på pasningskvaliteten, seier Hoås, som trur at lite kamptrening er ein medverkande faktor. Målet for neste kamp er å halda ballen i laget meir enn tre, fire og fem pasningar. – På den måten unngår ein at kampen blir oppstykka og at strukturen i laget blir øydelagt.

Kort oppsummert: Suldalsdamene spelar i periodar svært bra og vinn kampen fortent, men det er framleis mykje å jobba med. Det blir spennande å følgja laget vidare!

KAMPFAKTA

Suldal – Brodd 2 (5-2)

Prestavikjo stadion

Målscorarar for Suldal: Lina Baustad Hoås (1), Kathrine Kroken Lono (1), Siri Svellingen Skogseth (1), Kristine Bøe Berge (2)

Suldal (2-3-1): Mina Lunde – Silje Lovra – Åshild Vårvik – Kristina Kvæstad, Kristine Bøe Berge (K) – Mathilde Nerheim – Lina Baustad Hoås. Innbyttarar: Siri Håranes Eide, Beate Klungtveit, Stina Tveiten, Kathrine Kroken Lono, Stina Tveiten, Sofie Helgeland Våge, Siri Svellingen Skogseth (alle fekk speletid).

Tilskodarar: Ca 100

Dommar: Svein Øystein Berge (Suldal IL)

Bilde: Suldalsdamene tar sommarferie på tabelltopp! Nede frå venstre: Kathrine Kroken Lono, Kristina Kvæstad, Åshild Vårvik, Siri Håranes Eide. Oppe frå venstre: Kristine Bøe Berge, Mathilde Nerheim, Lina Baustad Hoås, Silje Lovra, Sofie Helgeland Våge, Siri Svellingen Skogseth, Beate Klungtveit, Stina Tveiten. Framme: Mina Lunde.