Matchvinnar med avgjerande mål i omtrent siste minutt: Hallvard Erfjord.

Hastsesongen starta med eit svært viktig lokaloppgjer mot Hjelmeland.

Vårsesongen var ikkje noko å hoppa i taket over for Suldal. Sesongen starta med fem strake tap, men heldigvis vart det 4-0-siger i siste kamp før ferien. Dette gav litt grunn til optimisme gjennom sommaren. Hjelmeland hadde og ein poengfattig vår, og låg eitt poeng føre oss. Med Våganes også på 4 poeng, var lokaloppgjeret dermes svært viktig i kampen mot nedrykk.

Tidlegare på dagen hadde regnet hølja ned på dei som var opptekne med Grendacup, men det var ikkje mange dråpane a-laget fekk på seg.

Heile kampen skulle visa seg å bli ei jamn og spennande affære, der begge lag viste fram både bra og mindre bra prestasjonar. For Suldal sin del handlar det om at dei viser at dei kan spela god fotball og komma til sjansar, verkeleg kontrollera kampen, for så å mista konsentrasjonen og spela ein og ein i staden for som eit lag.

I første omgang var det Suldal som fekk det første målet. 30 minutt ut i kampen skulle Erik Vaage slå innlegg frå venstrekanten, omlag midt på Hjelmeland sin banehalvdel. Ingve Berge gjekk i duell med keeper, men ingen av dei var borti ballen. Ballen gjekk dermed rett i mål, Erik kunne strekka armane i veret, men må nok senda ein takk til Ingve som forstyrra gjestene sin målvakt. Viktig at ein går i duellar! Herleg leiing.

Dessverre var me ikkje i føringa meir enn seks minutt. Suldal hadde ballen på midten, men blei takla. Dei fleste i gult og svart meinte dette var klart frispart, men det meinte ikkje dommaren. Hjelmeland fekk dermed komma gjennom åleine med vår bolivianske keeperdebutant Javier Milan Arias. Javier var klar og gjorde ei flott redning då han kasta seg ned mot si venstre side og fekk slått ballen til hjørnespark. Kjekt at han fekk vist seg fram både på denne redninga, og fleire andre gjennom kampen. Etter litt smårusk i starten spelte han seg solid inn og framstod som eit godt alternativ i mål nå som Svein Egil Holmestad ikkje er kampklar på grunn av skade.

Hjørnespark er ikkje Suldal si sterkaste side, me er ikkje tøffe nok og beslutsame nok til å vera først på ballen og få klarert på hjørnespark i mot, eller skåra på eigne hjørnespark. Dermed vart det utlikning.

Andre omgang bølga fram og tilbake slik den første gjorde, det var nervepirrande frå start av, og det skulle jammen bli det resten av omgangen også.

Etter eit kvarter vart det på ny hjørnespark til Hjelmeland, og det var det som skulle til for at gjestene tok leiinga. Det var ein del klabb og babb i feltet, me fekk ikkje ballen vekk og då var det enkelt for bortelaget å setta den i mål. Nå såg det litt stygt ut, spesielt på tabellen.

Heldigvis lot ikkje spelarane dette ta knekken på seg, og trur du jammen ikkje det var på hjørnespark me skulle få utlikning!? Håvard Fatnes slo dødballen flott, og Dawud Ibrahim Dawud gjorde som han gjorde i fjor, steig til vers og sette hovudet kontant til lærkula. Det var deileg å sjå den ballen gå inn i nettet.

Så var spørsmålet om ein skulle trygga inn uavgjort og eitt poeng for å vera sikre på å halda kontakten med Hjelmeland og Våganes i botn av tabellen, eller om ein skulle våga å gå for tre poeng for å klatra på tabellen. Trenar Simmen Bratland konfererte både med kaptein Vegard Aas og forståsegpåarar på sidelinja, men det var han som måtte ta valet om å gå over til tre bak og flytta backen Hallvard Erfjord fram som spiss for å jaga 3-2 . Simmen kunne risikera å verta syndebukk dersom Hjelmeland kontra inn sigersmål, men bli genierklært om me fekk målet. «Ein må våga for å vinna», fann trenaren til slutt ut, sendte Hallvard fram, og trur du ikkje at målet kom rette vegen eitt minutt før slutt! Ingve spelte ballen inn mot Hallvard. Erfjordbuen skaut på keeper, men fekk tilbake returen. Denne greidde vår mann å løfta over målvakta og inn i tomt bur til jubel og stor lette for spelarane og dei få frammøtte i Prestavikjo. (Grendacup og surt ver får ta skulda for labert publikumstal denne gong.)

Det vart ein slitesiger som gjorde uendeleg godt, og nå kan ein gå med løfta hovud inn mot to viktige kampar på fredag heime mot Figgjo, og måndag borte mot Hjelmeland igjen. Legg merke til spesielt tidspunkt for heimekamp altså: Fredag 24. august kl 19.00 i Prestavikjo mot Figgjo.

Fakta:

Mål:

30 min: 1-0: Erik Vaage

36 min: 1-1: Hjelmeland

60 min: 1-2: Hjelmeland

74 min: 2-2: Dawud Ibrahim Dawud – assist: Håvard Fatnes

89 min: 3-2: Hallvard Erfjord – assist: Ingve Berge

Gult kort:

Hallvard Erfjord

Lag:

Javier Milan Arias – Håvard Fatnes, Vegard Aas, Erik Vaage, Hallvard Erfjord – Haakon Elvasson Mehus, Torjus Steine, Isak Berge Espe, Bjørn M. Steine, Odd Inge Austarå – Ingve Berge

Innbyttarar: Dawud Ibrahim Dawud, Mohameed Ibrahim Dawud

Klikk for kamprapport.