Figgjo på besøk denne helga.

Etter to sigrar, kom me ned på jorda igjen då Figgjo kom på besøk. Det vart eit klart tap for eit betre lag.

Sist dei blå heilt sør i Sandnes kommune var på besøk, var i 2009. Då kjempa laga om opprykk til 4. divisjon. Suldal leia 3-0 til pause og hadde opprykket i boks, men i andre omgang kom Figgjo kraftig tilbake, vann 3-4 og var laget som gjekk opp i 4. div.

Denne gong vart det ikkje så jamnt. Alt frå start av kampen såg ein at Figgjo var heiltente, dei skal rykka opp! Dei var tydelege og svært flinke til å prata og gi kvarandre beskjedar, og dei tok seg tid til å spela med ballen. Det skal seiast at Suldal haldt greitt følgje dei første 20 minutta, og kunne kanskje ha gått opp i leiinga med litt tur, men frå 0-1 i det 26. minutt blei det ujamne lag.

0-1 var eit flott kremmarhus med perfekt dupp, 0-2 viste gjestene vilje til å vera først på ballen etter retur. Kanskje var angriparen noko tøff med målvakta vår? Rett før pause får me vårt tredje baklengsmål då me mista ballen på eigen halvdel, dei legg inn og på bakerste stolpe får dei upressa heada i mål.

I andre omgang stod det lenge likt i protokollen, men ikkje i ballinnehav. Når me fekk ballen, så greidde me ikkje finna kvarandre. Når dei hadde ballen, greidde me ikkje samla oss og pressa saman. Då det var ti minutt igjen av kampen, kontra Figgjo roleg og kontrollert og sette inn 0-4, før dei rett før slutt fekk sitt femte mål, denne gong på hjørnespark.

Figgjo er nå på 2. plass, me er nummer 2 frå botn. Skulle me hatt noko sjanse i dag, måtte nok dei fleste spelarane våre hatt ein knalldag i lag. Men me viste i fjor at me kan spela jamnt med dei beste. Det viste me og i år då me tapte knepent mot Julabygda som ligg likt med Figgjo.

Det er tett i botn nå. Hjelmeland og Forus og Gausel ligg eitt poeng før oss med sju poeng. Me har seks, og Våganes har 4 poeng. Alt på måndag er det bortekamp mot Hjelmeland. Dei har noko å revansjera frå sist helg, då dei tapte mot oss heilt på slutten, men me har minst like lyst på den sigeren! Og me har heimekamp mot dei to andre laga me knivar mot i botn seinare i haust. Her er det framleis god sjanse til å hevda seg!

Fakta:

Mål:

0-1: 26 min, 0-2: 35 min, 0-3: 43 min, 0-4: 80 min, 0-5: 89 min.

 

Lag:

Svein Egil Holmestad – Håvard Fatnes, Vegard Aas, Erik Vaage, Odd Inge Austarå – Håkon E. Mehus, Torjus Steine, Isak Berge Espe, Bjørn M. Steine – Ingve Berge, Jone Utbjoa

Reserve: Sven Kolstø, Christian Smithson, Dawud Ibrahim Dawud.