Stegaberg kunstgras 22. juni

Nå var det lenge sidan sist kamp for kretslaget vårt. Dette var siste bortekampen for vårsesongen.

Suldal Billag stilte nok ein gong med buss, men denne gongen med Ingve ? som sjåfør. Den faste sjåføren Kjell Steinar hadde vore uheldig med motorsaga, og skada seg.Heldigvis høyrdest det ikkje ut til å vera alvorleg. Alle fingrane var visst intakt.

Deler av laget virka litt ”rustent” i dag. Det vår ”lårhøner”, hovudverk, stive musklar og elles litt småskader på fleire av spelarane.Under oppvarminga fekk me likevel rista av oss det meste, og var klar til kamp.

Som alltid slit me litt med å komma i gong, men det har jo som regel med å gjera at motstandarane også er friske og raske i starten av kampane. Me tek likevel ei tidleg leiing, og har god kontroll på kampen. Ut over i omgangen tek me meir og meir over og går til pauseleiing med 5-0. Gutane har full kontroll. Forsvar og keeper vart tryggare og tryggare og dei sleppte sjeldan til Stegaberg.

I pausen hadde me fokus på å fortsetja i same spor. Spela ballen langs bakken,  ha gode bevegelsar og vera først på ballen så ville det bli fleire mål. I tillegg hadde me sola og ein liten medvind i ryggen.

Og 2. omgangen dominerte gutane. Dei var bedre i alt. Sikkert og godt keeperspell av Lars Kristian når det var nødvendig. Godt forsvarsspel, midtbanespel og angrepsspel der heile banebreidda blir brukt. Ja rett og slett mykje bra etter fotball ABCen. Stegaberg gav nesten opp etter kvart og etter 2 x 40 min. stod det 0-11 til oss.

Nok ein solid og god kamp der me gjer akkurat det me må for å vinna ein soleklar seier.

Nå gjenstår berre ein kamp,og den går allerede onsdag 24. juni heime på Eide kl. 1900 mot Ferkingstad.

Desse gutane spelte mot Stegaberg: Lars Kristian, John Hermann, Dagfinn, Mads, Andreas, Sindre L., Øystein, Fredrik, Sindre O., Vegard, Christer og Ingvald.

Målscorarar: Sindre L. 2, Øystein 4, Fredrik 2, Sindre O. 1, Ingvald 2

Svein Øystein