J16 og damelaget saman med Claus Lundekvam og Erik Huseklepp.

I høve Aktiv I Suldal-helga på Sand, fekk J16 og damelaget vårt æra av å spela den offisielle opningskampen på den nye kunstgrasbanen ved Sand skule.

Årets sportsprofiler var Erik Huseklepp og Claus Lundekvam, og dei var høvevis kommentator og dommar. Kampen gjekk over 2 x 10 min, og det viste seg at dei gamle er eldst og best. Likevel gjekk jentene frå J16 i duellane slik at det small både her og der. Kjekt og sjå, godt oppmøte rundt banen, og fin reklame for dame- og jentefotballen i kommunen. Her var spelarar frå mange grender i aksjon.