Suldalsgutane sitt G15-lag avslutta vårsesongen på topp. Hausten har starta litt tråare.

Trenar Arne Abrahamsen refererer:

Me har spelt to kampar etter ferien. 1–1 mot Bokn på søndag og tap 2-5 mot Etne i går. Kampen mot Bokn var ein kamp me både skulle og burde ha vunne. Men å bestille sigrar er fånyttes. Det må hard jobbing til, og litegrann flaks. Jobbinga var god nok, men flaksen uteblei.

I går var det toppkamp mot Etne. Gutane var heiltente før kampen, og 1.omg var ganske bra gjennomført frå vår side. Me tok leiinga 1-0 etter flott scoring av Markus Aa., og rett etter hadde Vilhelm eit kanonskudd i stanga. Synd den ikkje gjekk inn? Etne klarte å utlikna før pause, men gutane var ikkje slagne av den grunn! Me blei enige om å fortsetta det harde presset, men i staden var det Etne som fekk utteljing på sine sjansar. Me slokna ganske mykje utover i omgangen, og slapp inn 4 mål i andre omg. Me fekk eit trøystemål på slutten ved Mohammed, men det hjalp jo ikkje så mykje.

Etne var alt i alt eit betre lag, så me skal ikkje grave oss ned pga at det blei tap. Me kjem sterkare igjen! Det lovte gutane meg i garderoben etter kampen, så eg får ta dei på ordet??
Heia Suldal??