Besøk sidan februar 2009

Korleis er skiføret?

Løypekøyraren på Facebook: Klikk her!

6. div: Hjelmeland – Suldal 6-0

Det vart to tøffe kampar for a-laget i helga.

Fredag vart det tap for topplaget Figgjo, men mot tabellnabo Hjelmeland skulle ein gå for poeng. Sist helg trakk me det lengste strået då me fekk sigersmålet mot dei i siste minutt heime i Prestavikjo. Så jamnt blei det ikkje på bortebane.

Hjelmeland var nok svært revansjesugne, og hadde fått ekstra vitamininnsprøyting av og slå Våganes 2-0 på bortekamp i midtveka. Suldal var etter rapportane ikkje skikkeleg på, sjefen i midtforsvaret Vegard Aas var ute med skade, og det ville seg rett og slett ikkje. På kamprapporten ser det ut til at spesielt nr 20 hos Hjelmeland; William Olav Hagalid koste seg ved å skåra fire mål.

Det vart eit stygt resultat, men ein taper tre poeng om ein taper kampen med eit eller seks mål. Dette blir ein ny sesong der ein må kjempa for overleving. Våganes har 5 poeng, Suldal 6 poeng, Forus og Gausel 7 poeng og Hjelmeland har nå fått litt pusterom og har 10 poeng. Over der igjen finn me Lura 2 med 11 poeng. Me har både Våganes og Forus og Gausel igjen heime, men då må ein finna haustformen frå i fjor!

Lura er neste motstandar heime laurdag 8. september kl 14.00 i Prestavikjo. Den kampen kolliderer med Suldalscupen. Me håpar likevel det blir noko tilskodarar som kan hjelpa laget fram. Med siger er me berre to poeng bak Lura.

Fakta:

Lag (frå kamprapporten – berre 10 spelarar registrert frå start): 

Javier Milan Arias – Håvard Fatnes, Erik Vaage, Torjus Steine, Odd Inge Austarå –  Hallvard Erfjord, Ingve Berge, Isak Berge Espe, Christian Smithson – Jone Utbjoa

Innbyttarar: Dawud Ibrahim Dawud, Peterson Tjaard Tijhuis, Magnus Søraas, Sigvart Vårvik

Gule kort:

Ingve Berge og Torjus Steine

Leave a Reply

 

 

 

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>