Hjelmeland Sparebank Cup 2018

I helga reiste to lag frå Suldal IL til Hjelmeland og var med på Hjelmeland Sparebank Cup.

Mange av dei same spelarane var også med i fjor, så det er tydeleg at fjoråret gav meirsmak. I år hadde me eit J9-lag, og eit G10-lag.

Jentene stilte med Celina, Martine, Ina, Anna, Karen og Leandra, samt trenar Neri. Jentene vann alle dei tre kampane sine – 2-0, 6-1, 5-0. Alle var veldig fornøyde med dagen, bortsett frå keeperen :-)) – den hadde for lite å redde og gjøre i målet, noko ein kan sjå på bilder fra cupen:-))) Jentene var heilt i hundre og viste at dei klarer å spele godt saman og at dei ikkje er redde for å kjempe om ballen.

Guttane stilte med G9 lag – Thomas, Torstein, Jonas, Samuel, Rasmus, Jørgen, Hallvard, Ola og Ondra.

Guttane med trenar Mikkel vann 3 av 4 kamper. Dei fekk spele mot heimelaget frå Hjelmeland og kjente laga fra Tau og Jørpeland, dei spelte mot kvarandre i vår på cupen i Tau. Gutane vann 3-1, 6-0 og 4-1. Den siste kampen var vanskeleg på grunn av både gode motstandarar og ikkje minst at dei var trøytte. Den første kampen vart spelt heilt i starten av cupen, og etter ganske lang ventetid spelte gutane to kampar rett etter kvarandre, det betyr 1 time med maks fotballfokus. Dei var slitne etter det og det var sjølvsagt surt å tape 0-7, men etter trenaren si meining var det også lærerikt. Etter premieutdeling og ekstra is var den siste kampen fort gløymd og dei var også fornøgde med dagen full av fotball, med godt guttaselskap ogmed cupen i Hjelmeland.

Dessverre var det arrangert fleire cupar i nærleiken av Suldal i løpet av denne helga – cup i Hjelmeland, Røldal og Vikeldal. Trenarane ser alt etter andre cuper for å samle opp lag, prøve lykke og utvikle erfaring i fotball mellom de fotballivrige og fotballinterreserte jenter og gutter fra Suldal IL:-)