Hei og hurra!

Referent og trenar Arne A. er i fyr og flamme:
Jammen klarte me å vinna idag! Me reiste til Hugesund med eit klart mål om å vinna kampen. Oppladinga til kampen kunne vore betre, med fleire skada og halvskada spelarar… I tillegg møtte ikkje oppsett dommar opp, slik at dømminga blei fordelt på begge laga. Det gjekk strålande! Beste dømminga så langt i år 😉 Kampen i seg sjølv blei ein typisk slitekamp. Spelet sat ikkje, men heldigvis fekk me med oss 3 poeng på ein dårleg dag.  Målscorarar hjå oss var Markus K. på straffe, eit sjølvmål og David på eit flott frispark heilt i krysset.
Stemninga i garderoben etter kampen var naturlegvis upåklageleg, og eg trur faktisk dei fekk kjeft av ein PR-kåt vaktmeister for uhemma feiring!!
No ser me fram mot ny kamp neste torsdag. Då mot Haugar 2 heime i Prestavikjo, så møt opp og hjelp gutane til ny siger.