Besøk sidan februar 2009

Korleis er skiføret?

Løypekøyraren på Facebook: Klikk her!

Harde Fakta 2018

Det er tid for statistikk. Harde Fakta-redaksjonen har jobba på spreng for å kunna publisera tala for 2018-sesongen så langt.

Me har spela ni seriekampar og ein cup-kamp så langt, og tre spelarar har fått med seg alt: Isak Berge Espe, Håvard Fatnes og Erik Vaage. Trenarane Arne Vatland og Simmen Bratland har så langt brukt 31 spelarar.

På toppskårarlista er det ein kar som skiljer seg soleklart ut, han har fleire mål enn resten av laget til saman. Jone Utbjoa viser at han framleis veit kor målet står, han har netta sju gonger så langt. Fire av desse kom i den første sigeren vår mot Våganes. Seks andre spelarar står med eit mål kvar.

Statistikken for målgivande er ikkje heilt up-to-date. Me har 13 mål, men berre fem registrerte assistar. Håvard Fatnes er den einaste med meir enn ein, han stå med to.

Råtassen er også noko misvisande. Dette kjem nok av at ein ikkje har vore 100% nøyaktig med nummereringa på kamprapportane. Me får halda oss til offisielle statistikkar. Dei fortel at Ingve Berge, Haakon E. Mehus og Torjus Steine har fått to gule kort kvar. Fire spelarar står med kvar sitt gule. Om me skal kåra ein spesiell råtass, så må det bli Torjus. Han og Lars Lavalette fekk kvart sitt gule kort i cup-kampen mot Havdur, men desse korta tel ikkje for når ein må stå over. Det er forresten ikkje før etter det fjerde gule kortet ein må stå over kamp. Dette er ein ny regel.

Full oversikt frå kamp til kamp finn ein på Suldal – kamp for kamp 2018, og på sida Harde Fakta 2018. Denne sida ligg tilgjengeleg i menyen til venstre på heimesida.

Leave a Reply

 

 

 

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>