Nokre kampar er einvegskøyring, i andre held spenninga seg heilt ut. Det er kjekkast med spennande kampar, dersom ein sjølv kjem sigrande ut av dei! 🙂

Her er Arne si skildring av kampen i går:

I går var det ny kamp mot Skudenes borte. I utgangspunktet ein tøff kamp, og det blei det også. Me køyrde frå Sand i strålande sommarver, og ankom Karmøy i øs pøs regnver. Store kontrastar ja….?


Då kampen starta, såg det ikkje ut som alle var heilt påskrudde. Skudenes skåra etter eitt minutt, og då gjekk det ei kule varmt hjå underteikna? Men me åt oss inn i kampen, og resten av omg var ganske jamnspelt. Me gjekk til pause med 0–1, men blei enige om at me skulle trøkke skikkeleg til i 2.omg. 


Me fekk utlikninga ganske fort, då Bjørnar blei spelt fri, og åleine med keeper gjorde han ingen feil? Me gjekk opp til 2–1 ved eit flott frispark frå David? Sjå video av målet her (må gjerne vera medlem i G15-gruppa på Facebook?). 

Etter dette blei det mykje duellspel, og det var vel ikkje direkte ufortjent når heimelaget utlikna på eit hardt langskudd. Men surt uansett, for gutane forsvarte seg bra. Så, 7-8 min før slutt, sovna heimelaget sitt forsvar, og det utnytta David meisterleg. Tok ballen med seg, og sette den heilt nede ved stolperota, og dermed 3-2 til oss??

Det blei nokre hektiske sluttminutt, men me rei storma av, og tok med oss 3 velfortjente poeng heim? Alltid kjekkare å vinna når me reiser så langt??


No blir det ikkje ny seriekamp før 7/10 heime mot Bremnes. Men før det blir det Regy Cup i Hgsd. Den går av stabelen neste helg, og det må vere ei ypperleg anledning for foreldre og andre til å kombinera shopping og stor idrett?? Må nevnas at me hadde god støtte frå vår «12 mann» i går og. Hørte deg jysla godt Tobben! ???
Heia Suldal⚽️?

PS: I etterkant av kampen, tikka det inn melding om at topplaget Etne tapte 3-4 heime mot Torvastad. Dermed tetnar det til i toppen. Etne og Suldal har 31 poeng, Etne toppar med MYKJE betre målforskjell. Torvastad og Åkra følgjer tre poeng bak. Dette blir ein spanande haust! Her er tabellen.