Besøk sidan februar 2009

Korleis er skiføret?

Løypekøyraren på Facebook: Klikk her!

6. div: Suldal – Austrått 2 3-1 (1-1)

Det var på tide og snu trenden, det har blitt litt stygge tap i det siste.

Dagens motstandar var Austrått 2. I vårkampen borte vart det eit knepent tap, så me hadde tru på at det skulle gå an og få ein jamn kamp i dag også. Gjestene stilte mannsterkt, mens heimelaget på grunn av både sjukdomsforfall og sjukehusinnlegging måtte ty til ringevikar for å ha forsvarleg antal innbyttarar.

Kampen starta med stekt press av dei kvitkledde gjestene frå Sandnes. Det var dei som hadde spelet, men Suldal var klar frå start og stod imot presset me hadde mot oss det første kvarteret. Når ein etter kvart fekk kontroll på posisjonar, blei kampen jamnare og til tider var det Suldal som pressa. Spelarane viste fram stor innsats både med tanke på løp og duellar. Spesielt må ein trekka fram Torjus Steine i andre halvdel av omgangen, han stod fram og fekk laget med seg.

Det tok 20 minutt før nokon av laga fekk ballen i mål, og det var herleg at det var heimelaget som greidde det først. Håvard Fatnes slo eit godt hjørnespark hardt og innoverskrudd rett på keeper. Litt flaks kan ein nok seia at me hadde, då målvakta ikkje greidde å få kontroll på ballen. Ballen spratt i sisteskansen og rett i mål. Litt skrøyt skal ein likevel gi spelarane; situasjonen kom etter gode prestasjonar; godt slått hjørnespark og hissige angriparar inne i feltet. Me kan skåra på hjørnespark me og!

Me hadde ganske grei kontroll på omgangen, syntest me. Begge lag hadde eit par store sjansar. Jone Utbjoa hadde eit kontrollert, fint langhøgskot som duppa rett utanfor mål, mens målvakt Svein Egil Holmestad fekk slått ei avslutning mot oss i tverrleggaren. Det såg ut til at me skulle gå til pause med leiing, heilt til det gjenstod to minuttav omgangen. Austrått var i angrep og ballen landa i straffefeltet. Då er regelen at ballen skal enklast mogleg vekk. Dessverre blei det ikkje slik. Bortelaget fekk tak i ballen rett utanfor feltet og ei fin avslutning dalte ned i mål bak Svein Egil. Ein kalddusj før pause der, altså.

Likevel var det mykje positivt å ta med seg inn i andre omgang. Spelarane var konsentrerte og greidde stort sett å gjera det me sa var førsteprioritet før kampen: Halda plassene sine i lagdelane.

Suldal starta andre omgang bra, og seks minutt ut i omgangen fekk me frispark midt på Austrått sin banehalvdel. Erik Vaage, som saman med resten av forsvaret leverte ein solid innsats i dag, slo ballen på mål. Ingve Berge lukta lunta, plasserte seg mellom ballen og keeper og fekk ein eller annan kroppsdel på ballen slik at den spratt i mål. Litt tilfeldig at ballen gjekk i mål her og, men me gjer dei rette tinga. Slår ballen på mål, og sender spelarar fram for å pressa og skapa uro i feltet.

Utover omgangen fekk me fleire høve til å auka leiinga og punktera kampen. Me hadde fleire avslutningar frå kort hald rett utanfor mål, men ballen ville ikkje inn. Dermed kom sjansen for Austrått til å komma a jour igjen. Dei fekk hjørnespark, og det likar me ikkje å få mot oss. Dei stilte opp i klynge på 14 meter, og då hjørnesparket kom var det første mann inn til ballen. Det var vanskeleg og sjå kva som skjedde frå underteikna sin posisjon, men plutseleg gjorde ein kvitkledd magaplask og sigla bortover det blaute kunstgraset. Det var lite protester då den gode dommaren Warren Wade bles og peika på straffemerket, så då var nok nokon borti han. 2-2 her hadde vore litt tungt. Slik ville ikkje Svein Egil ha det. Ein kan gjerne seia at han redda dagen då han var kjapt nede til si venstre side og redda eit velplassert straffespark. Dette gav sjølvsagt energi til oss, og frå nå av så vart det mest Suldal.

Halvvegs i omgangen fekk backen vår Christian Smithson tak i ballen på venstresida, leverte den vidare inn i banen til kaptein Jone. Han ville visa at han er betre på langhøgskot på halvvolley enn det han presterte i første omgang. Han sendte ballen i veg i ein perfekt bane over målvakta og inn til nettsus. Det målet var eit mål som gjorde godt!

Resten av kampen handla det om å få tak i ballen slik at me ikkje blei pressa for lågt. Dei gongene me ikkje hadde ballen låg lagdelane samla og konsentrert. Austrått hadde mykje ballen, men stanga i ein kompakt, gul mur. Då dommaren bles, kunne ein sliten, glad og letta gjeng jubla for tre poeng. Laget jobba godt saman i dag, men me er litt heldige på eit par av måla me får, og hadde straffen gått i mål, ville det blitt ein annan andre omgang. Likevel er det på tide at me har nokre marginer med oss. Nå ser det litt lysare ut på tabellen med tanke på nedrykksstreken. Det kjem godt med, for neste helg kjem ein svært vanskeleg bortekamp mot opprykksjagande Figgjo. Fram med brystkassa og hald troppene samla, så skal i alle fall Figgjo måtte kjempa hardt for opprykket sitt!

Tabell

Fakta:

Mål:

1-0: 20 min: Sjølvmål. Målgivande av Håvard Fatnes

1-1: 43 min: Austrått 2

2-1: 51 min: Ingve Berge. Målgivande av Erik Vaage

3-1: 68 min: Jone Utbjoa. Målgivande av Christian Smithson

Lag:

Svein Egil Holmestad – Sven Kolstø, Erik Vaage, Sigvart Vårvik, Odd Inge Austarå – Håvard Fatnes, Isak Berge Espe, Torjus Steine, Ingve Berge, Haakon E. Mehus – Jone Utbjoa

Innbyttarar: Christian Smithson, Dawud Ibrahi Dawud

Leave a Reply

 

 

 

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>