Etter den begredelige bortekampen mot Klebe for to veker sidan (resultatet har eg glømt) var gutane igjen klare for å møte eit av topplaga i avdelinga. Det tidlegare storlaget Figgjo har komme ned i det gode selskap for ein sesong, men er tydeleg ivrige etter å opp ein divisjon fortare en svint.

Me på vår side har tre kampar igjen til å sikre plassen i 6 divisjon og kampen fredag 28 september vitner om at dei gule og svarte er klar til å sikre plassen og vel så det. Det vart nok eit tap, etterkvart med litt større siffer en det burde. Me hadde fortjent eit betre resultat her.

Figgjo stadion ligg godt til rette ca 500 meter frå den lokale Jokeren, som kun hadde vatn med kullsyre til dei langveisfarne. Stadion, som er flott og ny har nok kosta så mykje at garderobane vart nedprioritert. Likevel var det råd å både skifte og dusje der og. «Me e ikkje så fine på det i Suldal».

I slitte garderobevekkar og på «rikkalause» benker var det femten lysande blide karar (inkl underteikna) som skulle til dyst mot topplaget frå «Figgen». Me hadde god tru og laget var i siget etter ein god kamp heime mot Austrått 2.

Til denne kampen starta me med Svein Egil i mål, Sven og Christian på backane med Erik og Knut i midtforsvaret. Den sentrale midtbanen bestod av Isak, Torjus og Johannes. På kantane befant Lars og Haakon seg, mens Jone U starta som spydspiss. På benken satt Dawud, Rodas og Odd Inge.

Flott dekke på Figgjo der me kjempa ein god kamp.

Planen som me la med forsiktig press frå start virka veldig bra. Me kjempa og sloss for kvar ein ball og rysta nok heimelaget meir enn ein gong. Det er ein fryd og sjå denne innstillinga frå gutane der alle jobbar og er på frå start til slutt. Det skulle likevel komme ein del mål mot denne kampen og. Litt ukonsentrasjon og relativt svake involveringer er skuld i nokre mål for mykje.

Me tar likevel med oss mange positive ting frå kampen der mykje kunne sett annleis ut om me hadde vore hundre prosent heldige. Det ein tar med seg til neste kamp er kjempinga, det fandenivoldske og den herlege innstillinga heile kampen gjennom. Det er slikt som er kjekt å sjå sjøl om det vart eit tap.

Nå har me tre kampar igjen. To av desse er heime mot Forus og Gausel 2 og Våganes som begge er 4 poeng bak oss med to kampar igjen. Den siste er borte mot Julebygda. Dei to siste kampane denne sesongen kan var ubetydelege med seier neste helg over laget Forus og Gausel.

Det blir nokre spennande veker framover for oss med gul/svart hjerte, men me ser alle fram til neste helg kl 13.00 i Prestavikjo.

Antall bortefans: 1 (Jone Gjertsen)

Mål: Jone gjorde alt sjøl og scora eit praktmål

Laget: Svein Egil, Christian, Sven, Knut (comeback), Erik, Isak, Torjus, Johannes, Lars, Haakon, Jone U

Benytta reserver: Dawud og Odd Inge