Besøk sidan februar 2009

Korleis er skiføret?

Løypekøyraren på Facebook: Klikk her!

6. divisjon: Suldal – Våganes – avlyst

Sesongens tredje walk over vart eit faktum i det som skulle vore sesongavslutninga for a-laget.

I år har både Lura 2, Forus og Gausel 2 og Våganes trekt seg frå sine bortekampar mot oss. Dette synest me er svært trist, og rett og slett noko sløvt av motstandarane våre. Me får tre poeng, 3-0 siger og økonomisk kompensasjon, men det veg ikkje opp for grunnen til at me er med i seriesystemet: Me vil spela kampar.

Felles for alle desse laga er at dei til slutt kom bak oss på tabellen. Det er ikkje sikkert me hadde slått dei på heimebane, men bortsett frå Hjelmeland, har me berre spelt heimekampar mot lag som har kjempa om opprykk. Både Klebe og Figgjo rykka opp, og dei hadde me ikkje sjanse mot i nokon av kampane. Julabygda var me nokonlunde jamne mot heime og dei første 30 minutta borte, men så blei me overkøyrde. Austrått hadde me to jamne kampar mot, tapte borte og vann heime. Me hadde altså ønska fleire jamne kampar i Prestavikjo! 

Me håpar dette ikkje gjentek seg neste år. Sesongen enda med 5. plass med 18 poeng, men der halvparten av poenga altså er walk over-poeng. Likevel skal ein altså møta opp for å ha sjanse på poenga, når motstandarane ikkje gjer det er det ingen som kan bruka mot oss at det er Suldal som har fått poenga.

1 comment to 6. divisjon: Suldal – Våganes – avlyst

  • Tor Kåre Fisketjøn

    Hei.
    Du skriv at dere får økonomisk kompensasjon – hvilke nivå/størrelse er det snakk om?

Leave a Reply

 

 

 

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>