Besøk sidan februar 2009

Korleis er skiføret?

Løypekøyraren på Facebook: Klikk her!

J16: Suldal ubesigra i haustsesongen!

Laget som spelte årets siste kamp og vann 6-1 mot Haugar 4.

J16-laget spelte i kveld sin siste kamp, og gjorde som dei har gjort heile hausten: Vann!

I dag var det Haugar 4 som møtte for sterk motstand i regnet. Suldalsjentene vann 6-1. Dermed står dei med 6 sigrar og eit uavgjort. Dessverre står det også eit tap på tabellen. Meir om det litt lenger nede.

I vårsesong fekk jentene varierande resultat, det vart mange jamne kampar, eit par stortap og til slutt 3 sigrar, 3 uavgjort og 4 tap. Etter sommaren har trenarane Ørjan Underbakke og Christer Hansen saman med jentene verkeleg fått sving på sakene, og det etter at ein lurte på om det faktisk var nok jenter til å halda fram med laget. Med påfyll både frå yngre og eldre jenter, var det heile 18 jenter som var med på Regy Cup i Haugesund, så det er nesten slik at ein kunne stilt med 11’er-lag. Flott oppsving her, altså!

Så kjem det an på kva plass jentene får. Då jentene skulle til Bømlo og spela mot Bremnes 1 var det sendt ut stormvarsel for Rogaland/Hordaland, noko som gjorde at leiarane vurderte det som uklokt å reisa på kampen. Håpet var at ein kunne få spela denne kampen ved eit seinare høve. Det har vist seg å vera umogleg for Bremnes 1 og få til, derfor har resultatet blitt 3-0 til Bremnes og altså null poeng til oss i den kampen…. Det er litt kjipt at det er Bremnes 1 som er det einaste laget som kan gå forbi oss.

Sjå resultat og tabell på fotball.no

Me hadde elles ute fotograf sist søndag i kampen mot Skudenes. Her er dei bilda. Klikk på eit bilde for å få lysbildeframsyning.

Leave a Reply

 

 

 

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>