Besøk sidan februar 2009

Korleis er skiføret?

Løypekøyraren på Facebook: Klikk her!

G13: Kjempar i toppen – lokalt toppoppgjer i morgon

Suldalsgutane sitt G13-lag har nå to kampar igjen av sesongen, og dei er verkeleg med i kampen om førsteplassen.

Alle lag står nå med åtte kampar, og har altså to igjen. Sauda leiar, eitt poeng føre Suldal, med Etne to poeng bak der igjen. I morgon er det tid for ein slags seriefinale når Suldal tek imot Sauda i Prestavikjo kl 18.30. Det er meldt regn og 8 grader, dette blir ein klassisk haustkamp med regn og flaumljos og stor spenning knytta til kven som stikk av med sigeren. Vinn Sauda, så har dei vunne serien, med siger eller uavgjort er det framleis spenning. Og i siste kamp ventar tredjelaget Etne… Lukke til, og møt gjerne opp for å heia fram 13-årslaget i dette lokaloppgjeret! Sjå fotball.no for tabell og resultat.

Sist heimekamp hadde me fotograf ute. Noko vanskeleg lys, men mange actionfylte bilde kan de sjå her. Klikk på eit bilde for å få lysbildeframsyning.

Leave a Reply

 

 

 

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>