Tøffe duellar då Suldal og Sandved møttest til KM-finale.

Årets siste kamp i Prestavikjo var finalen i Rogaland fotballkrest sitt kretsmeisterskap for 7’er-lag damer 4. divisjon.

Suldal IL og Sandved IL vann kvar si pulje, men laga kom til finalen med svært ulikt utgangspunkt. Suldal spelte i år sin første sesong, og på grunn av at mange lag trakk seg, enda dei opp med å berre spela tre teljande kampar i serien i år. Alle desse var mot Brodd, og suldalsdamene vann kvar kamp. Tabell og kampresultalt finn ein her.

Sandved vann si pulje, men det var etter heile 16 seriekampar. Tabelltoppen vart suveren, der dei vann 15 kampar, spelte ein uavgjort og ingen tap. Målforskjellen vart heile 90-9. Det var altså ikkje tvil om at det var eit godt og samspelt lag som kom inn til Suldal for den første av i alt to finalekampar. Tabellen for deira pulje ser de her.

Det skulle visa seg frå start av at gjestene hadde meir erfaring enn vertene. Suldal starta usikkert og forsiktig, og rykta kunne fortelja at suldalsspelarane nok var nervøse og hadde litt høge skuldre før kampen. Sandved skåra 0-1 omtrent i første angrep, og fulgte på med 0-2 innan fem minutt var spelt. Dette såg skummelt ut. Dei grøne damene frå Sandnes hadde tempo på ballen, godt pasningsspel og kom til fleire skumle avslutningar. Heldigvis skaut dei like utanfor mål fleire gonger, og det som traff mål rydda ein god suldalskeeper Mina Lunde opp i. Det var også tydeleg og sjå at enkelte Sandvedspelarar nok må ha spelt høgare oppe i divisjonane, for dei viste gode individuelle røynsler. Me la vel spesielt merke til nummer 5 som etter litt research må ha vore Olga Stangeland. Ho har fleire sesongar på Klepp sitt Toppserielag, og er nok søster til meir kjende tidlegare landslagskaptein Ane Stangeland Horpestad.

Trenar Petter Hoås vurderer taktiske grep.

Etter kvart kom Suldal meir med i spelet, skuldrene kom i normal posisjon og damene trødde til i taklingane. Trenar Petter Hoås fekk laget høgare i banen, og utover omgangen vart spelet jamnare. Det var likevel Sandved som fekk neste mål også, og med 0-3 kunne det sjå ut til at kampen var på veg til bortesiger. Suldal gav seg likevel ikkje, og det var godt at det neste målet kom rett veg. Kaptein Kristine Bøe Berge og spiss Stina Tveiten fekk kontroll over ballen på midten. Kristine kom seg ut på høgrekant og la inn i feltet. Der dukka Stina opp og sette ballen i mål til høgre for keeper. Dette målet gav nye krefter inn i pausen.

Etter pausen vart det ein heilt annan kamp. I andre omgang var Suldal absolutt på høgde med gjestene og kunne gjerne fått inn ei redusering. Det skal seiast at gjestene også kunne fått mål i andre omgang, men til slutt vart omgangen ståande mållaus. Det betyr at Suldal må skåra tre mål for å vinna KM når dei reiser til Sandnes for returkamp om to veker. Det blir vanskeleg, men langt i frå umogleg. Bortsett frå starten av kampen så hang Suldal godt med, så her gjeld det å trena godt dei neste vekene og gripa sjansen!

Det vart god omsetning i kiosken i dag. Takk til alle som har stått dugnad der i år!

Kjekt at det kom såpass mykje folk for og sjå kampen, og med open kiosk såg det ut til at publikum koste seg. Vel møtt til neste år.

Fakta:

Mål: 1-3: Stina Tveiten. Målgjevande frå Kristine Bøe Berge

Lag:

Mina Lunda – Mathilde Nerheim, Silje Lovra, Kristina Kværstad, Kristine Bøe Berge, Lina Baustad Hoås, Stina Tveiten, Siri Håranes Eide, Sofie Helgeland Våge, Beate Klungtveit

Bildegalleri: Klikk på eit bilde for å få lysbildeframvisning.