Suldalsserien har vore slutt ei stund, og den årvisse pølsefesten med premieutdeling og utlodning var sist torsdag.

Suldal IL hadde med omlag 85 spelarar i Suldalsserien i 2018 som kunne henta sin personlege preimie denne kvelde. Det var to miniknottlag, tre knottelag, tre lilleputtlag og eit ungdomsskulelag. For å få dette i til å gå rundt, har me hatt 12 offisielle trenarar som fekk blomar og gåvekort. I tillegg veit me at det er andre foreldre som har hjulpe til med treningar, og sjølvsagt alle som har køyrt rundt på kampar. Dei skal også ha stor takk!

I år blei det først premieutdeling, før det var tid for pølser og brus. Kvelden vart avrunda med loddtrekning med mange kjekke premiar frå hovudsponsorane Statkraft og SR-Bank, og enkelte andre aktørar. Og til slutt var det to heldige vinnarar av fruktkorgene.

Dersom det er nokon som ikkje har fått premien sin, kan dei ta kontakt med Jon.

Takk til alle involverte, og vel møtt til Suldalsserien neste år! Klikk deg vidare for nokre bilde frå samlinga. Bilda er denne gong teke med mobilkamera, så alle er ikkje like skarpe. Stemninga får ein likevel med seg!