Det er snart klart for årets skikarusell/Telenorkarusell i lysløypa ved Mosvatnet, Gullingen. Nå har heile løypa fått nytt lysanlegg og med nok snø ligg det til rette for flotte vinteropplevingar for heile familien.

 1. karusell måndag 21. januar – klassisk

2. karusell tysdag 5. februar – fristil

3. karusell onsdag 20. februar – klassisk

4. karusell torsdag 7. mars – fristil

Dei under skulealder er aspirantar og går så langt dei vil. Frå 1. klasse kan ein velje om ein vil gå på tid eller om ein vil gå trimklasse utan tidtaking. Premie på siste rennet om ein har deltatt på tre løp eller meir. Start frå kl. 17.00 for aspirantar og trim. Start kl. 18.00 for klassar med tidtaking. Viktig å møte opp i god tid på første karusellen.

Påmelding med navn, fødselsår, skuleklasse, idrettslag/grend og klasse (tid eller trim) til ski@suldal-il.no  innan fredag 18. januar. Startpengar kr 200,- betalast på første renn (gjeld alle 4 renna.) Oppdatert info vil du finne på denne sida, www.suldal-il.no

Helsing Suldal IL, Erfjord IL og Hjelmeland IL