Måndag 14. januar kl. 20 arrangerar skigruppa smørjekurs i gymsalen på Vinjar. Temaet for kvelden er grunnleggande innføring i bruk av glider, festevoks og klister. Ta med deg eigne, reingjorde ski som du kan øva deg på. Me held resten av utstyret som trengs.
Kurset er ope for alle interesserte.