Måndag er me endeleg klar for første skikarusell! Det er nok snø i lysløypa og meldingane er fine. Nå er alle dei nye lysa på plass og i løpet av dei siste åra har løypetrasèen blitt både breiare og slettare. I den samanheng blir det nyopning av lysløypa kor ordføraren blir med og markerar det. Kommunen stiller med gratis boller til alle og me håpar flest mogleg har høve til å vera med.

Minnar om at Vipps kan brukast til å betala startkontigent. Bruk nummer 121948, Suldal Idrettslag og vel «Startkontigent skikarusell». Vipps kan òg brukast i kiosken. Velkomen!