Tett på pallen på Suldalsrennet.
Foto: Alf Aadnøy

Fantastiske vinterforhold med sol og 5 blåe grader var det flotte rammer for Suldalsrennet i langrenn.

På Suldal IL – Ski si heimeside melder dei følgande:

Løypemannskapet hadde gjort ein formidabel innsats med å køyra til snø under Gratishaugen og eit par andre stader der austavinden hadde forsynt seg i det siste. Dette er eit av kretsrenna i regionen og det var om lag 100 startande. Ekstra gledeleg var den store lokale deltakinga, der Suldal IL hadde over 45 løperar til start. Dette må vera ny klubbrekord i skigruppa i kretsrenn samanheng.
Det var også denne helga mange gode prestasjonar i det ellers tråe føre. 


Av dei rangerte vart det klassesiger for Ella Tjøstheim J12, Elias Gundersen G13, Maria Lunde J14, Sindre Vik G16, Jone Odden M18, Kathrine K. Lono i K-Senior og Øyvind Røgenes i M-Senior.
For å fremja skiglede var det også sett opp eit eige barneskirenn for ungar frå 0- 7 år der yngste deltakar var Edel Gjuvsland på snaue 2 år. Desse gjekk 500m på stadion og fekk velfortjent premie i mål. Totalt stilte 21 unge håpefulle i barneskirennet.
I tillegg til at det gror godt i dei yngste klassane må det og nevnast at skigruppa hadde 9 påmeldte i seniorklassane.